Laugssosialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Laugssosialisme er ei politisk rørsle som går inn for arbeidarkontroll med industrien gjennom fagtilknytta laug. Rørsla oppstod i Storbritannia, og hadde størst innverknad i første firedelen av 1900-talet. Ho var sterkt assosiert med G. D. H. Cole.

Laugssosialismen var delvis inspirert av lauga av handverkarar og andre faglærte arbeidarar som hadde eksistert i mellomalderen. Tidsskriftet The New Age vart forkjempar for laugssosialisme i den nye settinga av moderne industri. I 1914 gav S. G. Hobson, ein leiande bidragytar til The New Age, ut verket National Guilds: An Inquiry into the Wage System and the Way Out. I dette verket vart lauga presenterte som eit alternativ til statskontrollert industri eller vanleg fagforeiningsverksemd. Lauga skulle da ikkje avgrense seg til løns- og arbeidsforhold slik dei eksisterande fagforeiningane oftast gjorde, men freiste å få kontroll over industrien. Til slutt ville da industri-lauga fungere som dei styrande organa for industrien i eit framtidig sosialistisk samfunn.

Ernst Wigforss, som var ein leiande teoretikar i det svenske sosialdemokratiet, var òg inspirert av og stod ideologisk nær ideane til Fabian Society og laugssosialismen, inspirert av folk som R. H. Tawney, L.T. Hobhouse og J. A. Hobson. Han kom sjølv med bidrag i dei tidlege skriftene sine om industrielt demokrati og arbeidarsjølvstyre.

Laugssosialistisk teori vart utvikla og popularisert av G. D. H. Cole, som skipa National Guilds League i 1915 og gav ut fleire bøker om laugssosialisme, mellom dei Self-Government in Industry (1917) og Guild Socialism Restated (1920).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]