Le Puy-en-Velay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Le Puy-en-Velay
Cathédrale Le Puy-en-Velay.JPEG
Byvåpenet til Le Puy-en-Velay
Byvåpenet til Le Puy-en-Velay
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Auvergne
Haute-Loire
Geografi
Flatevidd
 - By

16379 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

20 490
  1 220/km²
Koordinatar 45°03′″N 03°53′″EKoordinatar: 45°03′″N 03°53′″E
Høgd over havet 630 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 43000
Heimeside: www.mairie-le-puy-en-velay.fr

Le Puy-en-Velay (oksitansk Lo Puèi de Velai) er ein by og kommune sør i sentrale delar av Frankrike. Han er préfecture i departementet Haute-Loire i Auvergne. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar og er òg hovudstad i Velay. Innbyggjarane vert kalla ponots og ponotes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Le Puy-en-Velay vart eit stort bispedøme i Frankrike i mellomalderen. Martyrhistorien til Ado of Vienne, som vart gjeve ut i mange kopiar i 858, fortel om ein viss prest kalla Georg, som vart følgt av ein viss Front, den første biskopen av Périgueux, då dei vart sende som misjonærar til Gallia. Front vart rekna som ein av apostlane i Gallia rundt år 250. Som med andre i denne gruppa, som t.d. St. Martial av Limoges, sette segnene desse hendingane tilbake i tid, og fortel korleis Georg fekk livet tilbake etter å ha rørt St. Peter sin stav. Denne segna, som i følgje kyrkjehistorikar Louis Duchesne ikkje er eldre enn 1000-talet, plasserer St. Georg som ein av Dei sytti apostlane frå Evangeliet etter Lukas, og fortel korleis han grunnla kyrkja i Le Puy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Le Puy-en-Velay