Leikanruden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Leikanruden (kalla opp etter spelemannen Svein Leikanrud), er ein gamal slått frå Tinn. Dei fleste variantane kan førast attende hit, men det finst og ein variant frå Ål, og ein frå Hardanger.

Slåtten ser ut til å ha røter attende til 1700-talet både i Tinn og i Hardanger.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har seks variantar utgjevne i Hardingfeleverket, under nr 497:

  • d: Skuslen, etter Sevat Sataøen, Ål [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1962 etter opptak i NRK (G 1418, NRK magn. 1875). Sataøen hadde slåtten etter Myreguten (Ola Jensen Myro). Myreguten hadde slåtten frå Ola A. Strand i Ål. Forma skal opphavleg vera frå Hardanger (variant f nedanfor). Slåttenamnet skriv seg frå "skuslinga" i andre takt, der spelemannen slenger veslefingeren opp på tonen ciss på grannstrengen (andreposisjon). Skusle = å skuve handa oppetter felehalsen.