Leitha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leitha
Elvene Schwarza og Pitten renn i hop og dannar Leitha
Elvene Schwarza og Pitten renn i hop og dannar Leitha
Utspring Austlege område av Wienbekkenet
Munning Donau nær Mosonmagyaróvár
Land i nedslagsfelt Austerrike og Ungarn
Lengd 180 km

Leitha (ungarsk: Lajta; tsjekkisk og slovakisk: Litava) er ei elv i Sentral-Europa med ei lengd på om lag 180 km. Ho har sitt utspring aust i Austerrike der elvene Schwarza og Pitten renn i hop. Mellom Ebenfürth og Leithaprodersdorf, og mellom Bruck an der Leitha og Gattendorf dannar Leitha grensa mellom Nedre Austerrike og Burgenland, som var grensa mellom Austerrike og Ungarn fram til 1921.

Nær Nickelsdorf passerer elva over grensa til dagens Ungarn, der ho renn ut i ein arm av Donau nær Mosonmagyaróvár. Bortsett frå Mosonmagyaróvár renn elva gjennom byane Wiener Neustadt og Bruck an der Leitha.

Det er bygd fleire kanalar ut frå Leitha og sideelvene hennar. Kanalane gav vatn til spinneri, og vert no brukt til straumproduksjon. Mellom Seibersdorf og Hof am Leithaberge vert det meste av vatnet i elva fjerna av denne årsaka. Vidare frå her renn eigentleg berre Leitha når ho har størst vassføring. Nedanfor Katzelsdorf er elveleiet nesten heilt uttørka.

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Namnet på dei tidlegare delstatane i Austerrike-Ungarn, Lajtabánság, Cisleithania og Transleithania har alle sitt opphav frå namnet til Leitha. Etter Ausgleich (kompromisset) i 1867 mellom Austerrike (Habsburgmonarkiet) og Ungarn (Kongeriket Ungarn), som danna dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn var Transleithanien («forbi Leitha») namnet dei brukte i Wien for området bortanfor Leitha (altså Ungarn), medan Cisleithanien («på denne sida av Leitha») var området rundt Wien (altså Austerrike). Dette namnet vart òg tidlegare brukt om Kongeriket Ungarn. Dette viser korleis folk i Wien og Austerrike såg på resten av riket, fordi Wien låg på «denne sida», og Ungarn låg på «den andre sida». Galitsja og Bukovina vart òg rekna som ein del av Cisleithania, som låg aust for Ungarn. Elva Morava danna vidare grensa mellom Moravia og Ungarn, og dette området er i dag Slovakia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]