Lennart Carleson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lennart Carleson etter ein forelesning på Vallentuna gymnas, mai 2006.
Foto: Per Norbäck

Lennart Axel Edvard Carleson (fødd 18. mars 1928 i Stockholm) er ein svensk professor emeritus i matematikk ved KTH i Stockholm, Uppsala universitet og UCLA. Han høyrer til slekta Carleson og er ein av dei fremste matematikarane i Sverige.

Carleson voks opp i Degerfors og disputerte i 1950 med Arne Beurling som rettleier. Carleson har blant anna arbeidd innan fourieranalyse og dynamiske system, og oppnådde verdsry med beviset sitt for konvergens nestan overalt for Fourierrekkjer for L2-funksjonar.

På midten av 1960-talet bidrog Carleson til verkeleggjeringa av Mittag-Lefflers forskningsinstitutt i Djursholm. Danninga av instituttet hadde vorte utsett på grunn av finanskrisa på 1920-talet. Dei neste ti åra innbaud Carleson dei mest framståande matematikarane innan sine forskingsområde for at desse skulle kunne jobbe i ein harmonisk atmosfære og bidra til utdanning av skandinaviske matematikarar. Sidan den tida har instituttet levt vidare og er eit av dei fremste i verda.

Carleson er enno ein aktiv forskar og rettleiar så seint som i 1998 doktorandar. Carleson er (2006) busett i Brottby i Vallentuna kommun, nordaust for Stockholm.

Carleson er medlem av Kungliga Vetenskapsakademien. Han vart utnemnt til æresdoktor ved Kungliga Tekniska högskolan i 1989.[1]

Carleson vart tildelt Steeleprisen i 1984, Wolfprisen i 1992 og Sylvestermedaljen i 2003. Han vart 23. mars 2006 tildelt som første svenske den internasjonalen Abelprisen på 6 millionar norske kroner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. KTH: Æresdoktorar 1944-2008, lest 13. april 2009