Mikhail Leonidovitsj Gromov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikhail Gromov.
Foto: Gert-Martin Greuel

Mikhail Leonidovitsj Gromov (russisk Михаил Леонидович Громов), òg kjent som Mikhael Gromov, Michael Gromov eller Misha Gromov, (fødd 23. desember 1943 i Boksitogorsk) er ein fransk-russisk matematikar kjent for viktige bidrag innan ei rekkje område innan matematikken. Han er ein geometer, det vil seie at spesialiteten hans ligg innan geometri.

I geometrisk gruppeteori har han undersøkt grupper av polynomial vekstordning og innførde omgrepet hyperbolske grupper. I den symplektiske topologien innførde han dei pseudoholomorfe kurvane. Hans h-prinsipp (h for homotopi) for differensialrelasjonet er viktig i teori for partielle differensiallikningar (og vidareførde her eldre ansatsar, blant andre utvikla av John Nash).

Gromov studerte til doktorgraden (1973) i Leningrad under V. A. Rokhlin. Han er no permanent medlem av IHÉS, og Jay Gould-professor i matematikk ved New York University.

Han har motteke ei lang rekkje utmerkingar for virket sitt: 1971 Moskvas matematiske selskaps pris, 1981 Oswald-Veblen-prisen, 1984 Elie-Cartan-prisen, 1993 Wolfprisen, 1997 Leroy P. Steele-prisen, 1997 Lobatsjevski-medaljen, 1999 Balzanprisen, 2002 Kyotoprisen, 2004 Nemmersprisen, og 2005 Bolyaimedaljen. Den siste prisen han mottok, var Abelprisen (2009).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]