Lesley Duncan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lesley Duncan, gift Lesley Cox, (12. august 194312. mars 2010) var ein engelsk songar og låtskrivar, mest kjend for arbeidet sitt i 1970-åra. Ho vart mykje spelt på britisk radio, men fekk aldri stor kommersiell suksess.

Elton John song duett med ho på hennar eigen «Love Song», gjeven ut på albumet hans Tumbleweed Connection i 1970. Duncan song òg korvokalPink Floyd sitt The Dark Side of the Moon, og song solo på songen «If I Could Change Your Mind» på the Alan Parsons Project-albumet Eve. I 1960-åra var Duncan korvokalist for mellom andre Dusty Springfield og The Walker Brothers. Ho skreiv tre songar i lag med Scott Walker for Walker Brothers.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1969: Black Flower
  • 1971: Sing Children Sing
  • 1972: Earth Mother
  • 1973: Reading Festival '73
  • 1974: Everything Changes
  • 1975: Moonbathing
  • 1977: Maybe It's Lost
  • 1980: Only You

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]