Scott Walker
| Scott Walker | |
| Verkeleg namn | Noel Scott Engel |
| Fødd | 9. januar 1943 (70 år), Hamilton i Ohio |
| Instrument | Gitar, elektrisk bass, klaverinstrument, song |
| Sjanger | Eksperimentell, pop, rock, country, kunstrock, barokkpop |
| Aktive år | 1958 til i dag |
| Plateselskap | Philips/Fontana, Columbia, Drag City, Virgin, 4AD |
| Nettstad | [http://Scott Walker @ 4AD Scott Walker @ 4AD] |
Scott Walker (fødd Noel Scott Engel, 9. januar 1943)[1][2] er ein amerikansk-britisk songar og låtskrivar, komponist og plateprodusent. Han er kjend for den særeigne barytonstemma si (ein gong skildra som «ei av dei finaste stemmene nokon gong som syng om kjenslemessig smerte og det store ukjende»)[3] og for den uortodokse karriereretninga som har teke han frå popikon i 1960-åra til eksperimentell musikar på 2000-talet.[3][4]
Han vart opphavleg kjend på midten av 1960-åra som frontmann i The Walker Brothers, som spelte popballadar med orkester, før han starta ein solokarriere som balanserte popballadar med stadig meir utførlege kunstnariske arrangement og låtskriving. Trass i ei rekkje kritikarroste album, selde platene dårleg, og han vart tvungen attende til standard popmusikk der han i langt mindre grad kunne påverke det kunstnariske resultatet. Dette førte etter kvart til ei gjenforeining med Walker Brothers i midten av 1970-åra, sjølv om dei då hadde gått inn i eit meir eksperimentelt musikalsk område.[3][4]
Sidan midten av 1980-åra har Walker teke opp att solokarrieren sin og på drastisk vis gjenoppfunne dei kunstnariske metodane sine og måten han skriv songar på med fleire kritikarroste og særs eksperimentelle album. Desse kombinerer den ikoniske vokalen hans, ein uroleg avantgarde tilnærmingsmåte som ligg nærare modernistisk og postmodernistisk klassisk musikk enn popmusikken frå fortida hans. Denne endringa har vorte samanlikna med «Andy Williams finn opp seg sjølv som Stockhausen».[4]
Walker har framleis ein aktiv karriere og har i dag kontrakt med 4AD Records. Som plateprodusent eller gjesteartistar har han arbeidd med mange artistar som John Maus, Pulp og Bat For Lashes.
Trass i at Walker er amerikanar, har han stort sett hatt sukses frå Storbritannia, der dei første fire soloalbuma hans nådde TOpp 10. Walker har budd i Storbritannia sidan 1965 og vart britisk borgar i 1970.
Diskografi [endre]
- Scott (1967)
- Scott 2 (1968)
- Scott 3 (1969)
- Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series (1969)
- Scott 4 (1969)
- 'Til the Band Comes In (1970)
- The Moviegoer (1972)
- Any Day Now (1973)
- Stretch (1973)
- We Had It All (1974)
- Climate of Hunter (1984)
- Tilt (1995)
- The Drift (2006)
- Bish Bosch (2012)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Scott Walker (singer)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Anthony Reynolds The Impossible Dream: The Story of Scott Walker and The Walker Brothers Jawbone
- ↑ «Overview: Scott Walker». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p21307. Henta 6. desember 2012.
- ↑ Interview in Beat-Club, Radio Bremen, 26. April 1969
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Harrison, Ian (2013). «Splendid Isolation». Mojo Magazine. ISBN 9-771351-019157.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Hattenstone, Simon (6. desember 2012). «Scott Walker: Brother beyond». The Guardian.