Levi ben Gerson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leví ben Geresjón)
Levi ben Gerson

FøddLevi ben Gershom
1288
Bagnols-sur-Cèze
Død20. april 1344
Perpignan, Avignon
NasjonalitetPrincipality of Orange, Kongemakta Aragón
Områdefilosofi, matematikk, astronomi, fysikk, meteorologi
Yrkeastronom, rabbinar, matematikar, filosof, astrolog, teolog

Levi ben Gerson eller Gershon, ofte òg kalla etter det latiniserte namnet Gersonides (12881344) var ein spansk-jødisk filosof og matematikar. Han var det meste av livet sitt busett i Avignon i Frankrike.

I det filosofiske hovudverket sitt, Guds kamp, freistar han å sameine idear frå Det gamle testamentet med filosofien til Aristoteles. Han var ein av dei viktigaste matematikarane i mellomalderen og vert gjerne rekna som oppfinnaren av camera obscura og jakobsstaven, som er eit av dei tidlegaste navigasjonsinstrumenta. Han skreiv eit skrift om trigonometri, i tillegg til eit om numerisk rekning, der han mellom anna diskuterer permutasjonar og kombinasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]