Levi ben Gerson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Levi ben Gerson eller Gershon, ofte òg kalla etter det latiniserte namnet Gersonides (1288–1344) var ein spansk-jødisk filosof og matematikar. Han var det meste av livet sitt busett i Avignon i Frankrike.
I det filosofiske hovudverket sitt, Guds kamp, freistar han å sameine idear frå Det gamle testamentet med filosofien til Aristoteles. Han var ein av dei viktigaste matematikarane i mellomalderen og vert gjerne rekna som oppfinnaren av camera obscura og jakobsstaven, som er eit av dei tidlegaste navigasjonsinstrumenta. Han skreiv eit skrift om trigonometri, samt eit om numerisk rekning, der han mellom anna diskuterer permutasjonar og kombinasjonar.
Kjelder [endre]
- Levi ben Gerson. (2012-01-12) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Levi_ben_Gerson