Liguster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liguster
Liguster
Systematikk
Rike: Plantæ
Rekke: Spermatophyta
Underrekke: Angiospermæ
Klasse: Eudicotyledonæ
Orden: Lamiales
Familie: Oleaceæ
Slekt: Liguster
Art: Liguster vulgare
Vitskapleg namn
Liguster vulgare
L.

Liguster (Liguster vulgare] er ein busk i olivenfamilien. Han vert opp mot 2 meter høg. Busken toler godt beiting og nedskjering. Det har ført til at han har vorte brukt til hageplante. Ein finn gamle hagar med ligusterhekkar.

I Noreg veks han ytst i Oslofjorden. Elles er det nokre veksestader i Sverige. I Danmark er han ikkje funnen. Han er vanleg i Vest- og Mellom-Europa, og i det nordlege Middelhavsområdet.

I Noreg er han ein strandplante som lagar tett kratt i vill tilstand. Får han bløme fritt får han gulkvite små blomar som sit i store klasar. Blomane kan minne om syrin, som er i same familie. Frukta er svarte glinsande bær som er giftige, tilliks med resten av planta.

Dei svarte bæra har vorte brukte til å lage blekk av.

[endre] Kjelder

  • C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
  • Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970
  • Knut Langeland:Hagens vakreste busker og trær - løvfellende, Oslo 1994. ISBN 82-516-1511-9



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Liguster
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk