Syrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Syrin


Syringa.vulgaris(01).jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Lamiales
Familie: Oleaceae
Slekt: Syringa
Art: S. vulgaris
Vitskapleg namn
Syringa vulgaris

Syrin (Syringa vulgaris) er ein stor, lauvfellande busk eller eit lite tre, kjend for dei sterkt luktande blomstrane som også kan etast. Planten kjem opphavleg frå Balkanhalvøya, men er vorte ein vanleg hageplante som no også veks vilt over store delar av Europa og Nord-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vekstforma til syrin er opprett med grove greiner og ganske få sidegreiner. Borken er først glatt og grågrøn. Seinare vert han grå. Nye skot er rette med motsette eggforma knoppar. Endeknoppen manglar ofte slik at skotet sluttar med to knoppar. Blada er ovale til hjarteforma, litt læraktige og glatte. Oversida er friskt grøn, medan undersida er lysegrøn. Syrin blomstrar i mai og juni. Blomstrane er samla i store klasar. Dei er lilla eller kvite og har sterk lukt. Fruktene er brune, avlange kapslar. Frøa vert ikkje skikkeleg mogne i Noreg.

Rotnettet består av fleire djuptgåande hovudrøter med eit tett greina filter av siderøter og tæger. Syrin set rotskot. Planten toler vind og litt skugge, er nøysam og kan brukast sjølv på mager sandjord.

Vanleg syrin høyrer heime på Balkan der han dannar kratt på porøs, lett og kalkrik jord. Planten finst særleg i lyse eikeblandingsskogar.

Det er mange artar i slekta Syringa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Syrin