Liguster
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ligustrum vulgare)
| Liguster | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Spermatophyta | |
| Underrekkje: | Angiospermae | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Lamiales | |
| Familie: | Oleaceae | |
| Slekt: | Ligustrum | |
| Art: | L. vulgare | |
| Vitskapleg namn | ||
| Liguster vulgare
L., 1753
|
||
Liguster (Ligustrum vulgare) er ein busk i oljetrefamilien. Han vert opp mot 2 meter høg. Busken toler godt beiting og nedskjering. Det har ført til at han har vorte brukt til hageplante. Ein finn gamle hagar med ligusterhekkar.
I Noreg veks han ytst i Oslofjorden. Elles er det nokre veksestader i Sverige. I Danmark er han ikkje funnen. Han er vanleg i Vest- og Mellom-Europa, og i det nordlege Middelhavsområdet.
I Noreg er han ein strandplante som lagar tett kratt i vill tilstand. Får han bløme fritt får han gulkvite små blomar som sit i store klasar. Blomane kan minne om syrin, som er i same familie. Frukta er svarte glinsande bær som er giftige, tilliks med resten av planta.
Dei svarte bæra har vorte brukte til å lage blekk av.
Sortar [endre]
- 'Atros' - Dafo® (var. italicum), vintergrøn.
- 'Atrovirens' - (syn. Ligustrum vulgare virens) vintergrønn. (var. italicum)
- 'Atrovirens Compact'
- 'Atrovirens Select' - forbetra 'Atrovirens'.
- 'Auriflorum' (syn. Ligustrum vulgare lutescens)
- 'Buxifolium' – lågtveksande, ovale blad som ikkje blir meir enn 2,5 cm lange.
- 'Cheyenne' – Nord-Amerikansk, kuldetolerant sort. Vintergrøn.
- 'Chlorocarpum' - grønne bær.
- 'Compacta'
- 'Dänemark'
- 'Evers' – vintergrøn, noko lengre enn 'Atrovirens'.
- 'Glaucum'
- 'Golden Drops'
- 'Gracila'
- 'Insulense' – lange, smale blad 5-11 cm lange og 1-2.5 cm breie.
- 'Leucocarpum' – grønkvite bær.
- 'Liga' - Dafo® (var. italicum) vintergrøn.
- 'Listrum' - Dafo®, ein vindtolande, lauvfellande sort.
- 'Lodense' – (syn. Ligustrum vulgare nanum)(syn. Ligustrum vulgare lutescens) tett, dvergveksande. Sortnamnet er danna av engelsk low og dense = låg og tett.
- 'Maslö' -
- 'Pendulum'
- 'Pyramidale' – opprett med greiner parallelle med stammen (fastigate)
- 'Xanthocarpum' – gule bær.
Kjelder [endre]
- C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
- Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970
- Knut Langeland:Hagens vakreste busker og trær - løvfellende, Oslo 1994. ISBN 82-516-1511-9