Lingala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lingala
(Lingála)
Klassifisering: Nigerkongo-språk
 Atlantisk
  Voltakongo-språk
   Benuekongo-språk
    Bantoid
     Sørbantoid
      Eigenleg bantuspråk
       Nordvestleg
        Sone C
         Bangi-ntomba-språk
Bruk
Tala i: Flag of the Democratic Republic of the Congo.svg Den demokratiske republikken Kongo
Flag of the Republic of the Congo.svg Republikken Kongo
Lingalatalande i alt: 2 141 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of the Democratic Republic of the Congo.svg Den demokratiske republikken Kongo
Flag of the Republic of the Congo.svg Republikken Kongo
Språkkodar
ISO 639-1: ln
ISO 639-2: lin
ISO 639-3: lin
Wikipedia på lingala

Lingala (lingala lingála) er eit bantuspråk i nigerkongo-familien som blir snakka i Den demokratiske republikken Kongo og Republikken Kongo. Det er offisielt språk i begge desse landa, og det er omtrent 8 millionar andrespråkstalarar i tillegg til de to millionar morsmålstalarane. Det blir òg til ei viss grad snakka i Angola og Den sentralafrikanske republikk.

Utbreiinga av lingala i Afrika.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lingala stammar frå bobangi, eit språk som vart snakka langs Kongoelva mellom Lisala og Kinshasa. Bobangi fungerte som eit regionalt handelsspråk før skipinga av Fristaten Kongo. I dei to siste tiåra av det nittande hundreåret, før Leopold II av Belgia sine troppar erobra området og byrja kommersiell utnytting av det, auka nytta av bobangi. Språket vart lært av og påverka av vestlege mellommenn og tolkar. Koloniadministrasjonen, som trong eit fellesspråk for regionen, byrja å bruke språket til misjons- og administrative føremål, og kalla det bangala for å skilje mellom det og det gamle bobangi. Språket utvikla naturleg nok trekk vanlege for andre pidginspråk; til skilnad frå andre lokale bantuspråk er setningsstrukturen, ordstillinga og lydsystemet forenkla, og dei som snakkar det låner ofte ord og konstruksjonar frå andre språk dei kan.

Rundt hundreårsskiftet 1900 byrja misjonærar frå CICM eit prosjekt for å «reinse» språket, og gjere det til eit «reint bantuspråk» att. Bruken av lingala har med åra vakse i takt med innverknaden til språket sitt hovudområde, Kinshasa.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Lingala har sju vokalfonem, fordelt på fremre og bakre vokalar.

Fremre Bakre
Trong i u
Halvtrong e o
Halvopen ɛ ɔ
Open a

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Der konsonantar opptrer i par er den til høgre stemt.

Labial Alveolar Post-
alveolar
Palatal Velar
Nasal m n ɲ
Plosiv p b t d k g
Frikativ f v s z ʃ (ʒ)
Approksimantar l j

Tonar[endre | endre wikiteksten]

Lingala er eit tonespråk, dvs. at tone er tydingsskiljande i minimale par. Språket har to tonar, vanleg (låg) og høg. Høg tone vert markerte i skriftspråket med akutt aksent (´). Døme på minimale par er moto «menneske» mot motó «hovud», kokoma «å skrive» mot kokóma «å kome».

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Som alle andre bantuspråk har lingala eit substantivklassesystem der substantiv blir klassifisert etter kva for eit prefiks de har og kva for prefiks de utløyser i samsvarsbøying. Tabellen under viser substantivklassene i lingala, og bruker talsystemet som er vanleg i skildringa av bantuspråk (sjå bantuspråk for meir informasjon).

klasse prefiks døme omsetjing
1 mo- mopési «tenar»
2 bad- bapési «tenarar»
3 mo- mokíla «hale»
4 mi- mikíla «halar»
5 li- liloba «ord»
6 ma- maloba «ord» (fleirtal)
7 e- elokó «krukke, steinflaske»
8 bi- bilokó «krukker, steinflasker»
9 m-/n- ntaba «geit»
10 m-/n- ntaba «geiter»
9a Ø- sánzá «måne»
10a Ø- sánzá «månar»
11 lo- lolemo «tunge»
14 bu- bosoto «skit»
15 ko- kotála «å sjå/sjåande»

Dei einskilde klassene utgjer par av eintal/fleirtal. Oddetalsklassene 1–9 tek partallsklasseen 2–10 i fleirtal. Unntak frå dette er at mange hushaldningsord i klasse 9 tek prefiks frå klasse 2 (lutu «skei», balutu «skeier»). Ord i klasse 11 tek som regel klasse 10 i fleirtal. Dei fleste orda i klasse 14 (mengdeord, abstrakt) tek som regel ikkje fleirtal.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]