Den demokratiske republikken Kongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva med namnet Kongo, sjå Kongoelva.
[endre]
République Démocratique du Congo

(norsk: Den demokratiske republikken Kongo/Kongo-Kinshasa, kongolesisk/kinshasakongolesisk)

Det kongolesisk/kinshasakongolesiske flagget Det kongolesisk/kinshasakongolesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Debout Kongolaise»
Motto Justice - Paix - Travail
(Rettferd - Fred - Arbeid)
Geografisk plassering av Den demokratiske republikken Kongo/Kongo-Kinshasa
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Kinshasa
Styresett
Demokratisk republikk
Joseph Kabila
Augustin Matata Ponyo
Flatevidd
 – Totalt
 
2 344 858 km² (11.)
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
73 599 190 (19.)
31,4 /km²
Nasjonaldag 30. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
22 920 mill. USD (117.)
300 USD (197.)
Valuta Kongolesiske franc
Tidssone UTC+1 og UTC+2
Telefonkode +243
Toppnivådomene .cd


Den demokratiske republikken Kongo eller Kongo-Kinshasa (tidlegare kjend som Fristaten Kongo, Belgisk Kongo og Zaïre) er ein republikk i Sentralafrika. (Namnet må ikkje forvekslast med nabolandet i vest, Kongo-Brazzaville). Hovudstaden i Kongo er Kinshasa.

Kart over Kongo

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk ligg Kongo på Kongokratonet som er dekt av Kongobassenget. Kongo har tropisk regnskog i eit flatt landskap. Kongoelva har kjeldeområde i Det etiopiske høglandet og renn roleg gjennom landet ned til kysten av Atlanterhavet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kongo er plassert midt i hjartet av det ekvatoriale Afrika, og har eit av dei meir pålitelege klimaa i Afrika. Den intertropiske konvergenssona dreg med seg vått og torevêrsprega vêr nordover frå mars til november, og sørover frå desember til februar. Områda i mellom, inkludert Mbandaka som ligg midt på ekvator, får to regntider kvart år. Sjølv dei tørraste månadane får minst 100 mm. Vinden er stort sett svak og lufta trykkande året rundt.

Juni og juli er derimot knusktørr i område frå Kinshasa til fjellsidene av Mont Mitumba. Den gjennomsnittlege minimumstemperaturen fell til rundt 17 °C i låglandet rundt Kinshasa, og ein kan få frost over 1500 m. I tørketida kan derimot skyer dekke store delar av låglandet. Den årlege nedbørsnormalen i Kinshasa er 1358 mm, men andre delar av Kongo kan få opp mot 2000 mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Den demokratiske republikken Kongo» på Wikipedia på bokmål/riksmål.