Living on a Thin Line

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Living on a Thin Line
Singel av The Kinks
frå albumet Word of Mouth
B-side

«Sold Me Out»

Utgjeve Januar 1985
Innspelt Juni 1983 – september 1984
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 4:16
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Dave Davies
Produsent Ray Davies
Amerikansk The Kinks-kronologi 
«Do It Again»
(1984)
Living on a Thin Line «Summer's Gone»
(1985)


«Living on a Thin Line» er ein song skriven av Dave Davies og framført av The Kinks i 1984 på albumet deira Word of Mouth.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Living on a Thin Line» er ein av to songar på Word of Mouth skriven av Dave Davies (den andre er «Guilty»). I biografien sin Kink, sa Davies at songen var inspirert av den lange og vanskelege karrieren til The Kinks og hatet hans mot politikarar.[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Living on a Thin Line» kom først ut på Word Of Mouth, men vart sidan gjeven ut på ein 12-tommars singel for radio (med B-sida «Sold Me Out») i Amerika,[2] og sidan på mange samlealbum, som Come Dancing with the Kinks, Lost & Found (1986-1989), The Ultimate Collection og Picture Book. Songen er òg blitt spelt på konsertar av både The Kinks og Dave Davies.[3]

Sjølv om songen ikkje vart ein kommersiell suksess, vart han ein favoritt blant fansen. Songen vart spelt tre gonger i ein episode av The Sopranos i 2001 i episoden «University». Produsenten Terence Winter har sagt at det var den songen i serien folk spurte mest om.[4] Songen vart òg spelt i siste episode av HBO-serien Vice Principals.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hinman, Doug. All Day and All of the Night. s. 272. 
  2. ««Living on a Thin Line» single». Henta 2014. 
  3. ««Living on a Thin Line» live performances». Henta 28. april 2018. 
  4. «Living On A Thin Line by The Kinks Songfacts». songfacts.com. Henta 28. april 2018.