See My Friends

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«See My Friends»
Singel av The Kinks
B-side «Never Met A Girl Like You Before»
Utgjeve 30. juli 1965
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:46
Selskap Pye 7N 15919
Reprise 0409 (USA)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi
«Set Me Free»
(1965)
«See My Friends» «A Well Respected Man»
(1965)

«See My Friends» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies. Han vart gjeven ut som singel i 1965 og nådde tiandeplassen i Storbritannia. Songen er ein av få psykedeliske rockesongane bandet spelte, men til gjengjeld ein av dei første psykedeliske rockesongane nokon gong, og ein av dei første vestlege rockesongane med indisk ragalyd.

Ray Davies har fortalt at songen handlar om saknet etter syster si, som ei stund budde i Ontario i Canada. Då ho kom tilbake frå England vart ho sjuk og døydde av hjartefeil medan ho dansa på ein nattklubb. Like før ho døydde hadde ho gjeve Ray Davies den første gitaren hans som bursdagsgåve på 13-årsdagen hans. Davies fekk også inspirasjon til songen då dei stoppa i Bombay. Davies vitja stranden med jetlag i kroppen ein tidleg morgon, og høyrte fiskarar som song på veg til arbeid.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bellman, Jonathan (1998). p. 294

  • Bellman, Jonathan (1998). The Exotic in Western Music. Lebanon, NH: UPNE. ISBN 1-55553-319-1.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.