Where Have All the Good Times Gone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Where Have All the Good Times Gone»
Singel av The Kinks
frå albumet The Kink Kontroversy
A-side «Till the End of the Day»
Utgjeve 19. november 1965
Innspelt 23. til 30. oktober 1965 i Pye Studios (No. 2), London
Sjanger Rock
Lengd 2:51
Selskap Pye 7N 15981 (UK)
Reprise 0454 (USA)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi
«A Well Respected Man»
(1965)
«Where Have All the Good Times Gone» «Dedicated Follower of Fashion»
(1966)

«Where Have All the Good Times Gone» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks skriven av Ray Davies. Han vart først gjeven ut som B-sida til singelen «Till the End of the Day» og så på albumet The Kink Kontroversy i 1965.

Musikalsk har songen element av engelsk folkrock, som snart skulle verte den dominerande stilen for bandet utover 60-talet. Ray Davies syng om ønske om å få tilbake dei gode gamle dagane med linjer som, «Well once we had an easy ride and always felt the same / Time was on our side and I had everything to gain / Let it be like yesterday / Please let me have happy days», medan han seinare skeptisk syng om den eldre generasjonen som alltid snakkar om kor mykje betre alt var før i tida, «Ma and Pa look back at all the things they used to do / Didn’t have no money and they always told the truth / Daddy didn’t have no toys / And mummy didn’t need no boys».[1] På dette punktet i songen har tydinga av refrenget snudd og høyrest meir ut som eit hån.[1] I siste vers har nostalgien blåst over til ein harme over generasjonskløfta og Davies kjem med den hånlege kommentaren «Well, yesterday was such an easy game for you to play / But let’s face it things are so much easier today / Guess you need some bringing down / And get your feet back on the ground»[1]

Songen har fått status som ein klassikar og er med på mange samleplater. Han har òg vorten spelt av David Bowie på albumet Pin Ups og av Van Halen på albumet Diver Down. Dette var den andre The Kinks-songen Van Halen spelte i lag med «You Really Got Me».

Etter Bowie si utgåve kom ut, gav Pye ut songen som singel i november 1973 med «Lola» som B-side, men gjekk ikkje inn på salslistene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]