Lomonosov i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lomonosov
Ломоносов
Byvåpenet til Lomonosov
Byvåpenet til Lomonosov


Plassering
Lomonosov i Russland is located in Russland
Lomonosov i Russland is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Grunnlagd
Bystatus
1710
1780
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2003)

37 800
Koordinatar 59°55′″N 29°46′″EKoordinatar: 59°55′″N 29°46′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 812

Lomonosov (russisk Ломоно́сов) er ein by i den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved sørkysten av Finskebukta, rundt 30 km vest for sentrum av St. Petersburg.

Byen heitte Oranienbaum (russisk: Ораниенба́ум) til 1948. I byen ligg eit 1700-tals park- og palass-kompleks (Oranienbaum). Palasset er det einaste av dei kjende palassa rundt St. Petersburg som ikkje vart teken av tyskarane under den andre verdskrigen.

Kammenoje-paviljongen ved palasskomplekset Oranienbaum

Det opphavlege namnet på byen er Oranienbaum, som tyder «appelsintre» på tysk (på dagens tysk er ordet Orangenbaum). Namnet gjaldt først palasskomplekset, som hadde drivhus for eksotiske planter. Det noverande namnet er for å ære vitskapsmannen, diktaren og glasblåsaren Mikhail Lomonosov. I 1754 grunnla Lomonosov ein fabrikk for farga glas ved Oranienbaum, i landsbyen Ust-Ruditsa.

Det store palasset med den nedre parken er eit utsøkt døme på eit kunstnerisk kompleks frå første fjerdedel av 1700-talet. Det vart bygd i perioden 1710-25 vis-a-vis Kronstadt, nær keisarresidensen Peterhof.

Kjende personar frå Lomonosov[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lomonosov i Russland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]