Louis Vuitton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Louis Vuitton er namnet på eit fransk motehus etablert i 1854 i Paris og namngjeve etter grunnleggjaren sin. Huset er i dag eigd av LVMH-gruppa (Louis Vuitton Moet-Hennesy).

Louis Vuitton var ein handverkar som spesialiserte seg i å lage robuste reiseeffektar. Han laga tidleg det legendariske logomønsteret, inspirert av japansk blomsterflora, sterkt prega av dåtidas motebilete. I dag er dette det fremste kjenneteiknet til merket, og aller mest kjend under namnet Monogram Canvas. Mot slutten av 1800-talet skapte også Louis Vuitton rutemønsteret Damier Canvas, som også er eit særs populært mønster. Merket vart for alvor kjend utanfor Frankrike etter den andre verdskrigen, gjennom stjerner som Catherine Deneuve og Audrey Hepburn. I dag kastar stjerner som Christina Ricci og Uma Thurman glans over reklamekampanjene.

Louis Vuitton blir i dag rekna for å høyre til luksusvareindustrien, og dei har butikkar over heile verda. Spesielt for LV er at dei berre sel varene sine i eigne butikkar, det er difor ikkje mogleg å finne LV-varer til sals hjå andre. I tillegg produserer dei berre varer i eigne fabrikkar i Frankrike, Spania og USA. All produksjon er handverksbasert, og LV har ingen form for automatisk produksjon. Louis Vuitton er kjend for sine kvalitetsvarer, og legg mykje av stoltheita si i å produsere funksjonelle reiseartiklar av høg kvalitet. Sidan 1980-talet har LV også teke med sko, smykker, klokker og klede i kolleksjonane sine. Marknaden er tredelt, Louis Vuitton sel mest i Europa, USA og Japan. I dei siste ti åra har heile luksusvareindustrien merka ein enorm pågang frå japanske forbrukarar, og av alle land i verda, finst det flest LV-butikkar i Japan.

Merket slit i dag med kopiering og forfalsking, og det blir kvart år beslaglagt over 10 000 kopiar rundt om i verda. Kopiane blir i hovudsak produserte i Asia, og selskapet samarbeider i dag med tollvesen i fleire land for å få ein slutt på forfalskinga.

Utanfor Wikipedia[endre | endre wikiteksten]