Love, amour og kjærlighet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Love, amour og kjærlighet»
Singel av Kai Eide
Land Noreg
Språk Norsk, engelsk og fransk
Utgjeve 1985
Låtskrivar(ar) Kai Eide

«Love, amour og kjærlighet» (engelsk, fransk og bokmål for Kjærleik, kjærleik og kjærleik) var eit av bidraga i Melodi Grand Prix 1985, framført på norsk, engelsk og fransk av Kai Eide. Songen er skriven av Kai Eide.[1]

Melodi Grand Prix 1985[endre | endre wikiteksten]

Under finalen var det fem distrikt og fire personar som gav poeng til alle bidraga. Bidraget fekk fire poeng frå Steinkjer, tre poeng frå Tony Visconti, Anne-Marie David, Stikkan Andersson, Ronnie Hazlehurzt og Stavanger og eitt poeng frå Tromsø, Elverum og Porsgrunn. «Love, amour og kjærlighet» fekk til saman 22 poeng og enda på tiande- og sisteplass av totalt ti bidrag. Kai Eide fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 1985 i Göteborg i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Absolutt Grand Prix vol. II: Fra seier til 0 poeng (og alt innimellom)». Norsk musikkinformasjon. 24. mai 2006. Henta 15. desember 2012.