Luca Giordano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, ca 1692

Luca Giordano, kalla Fa Presto, (18. oktober 163212. januar 1705) var ein italiensk barokkmålar og raderar av den napolitanske skulen. Han var både fødd og døydde i Napoli.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Giordano var son til ein målar. Tidleg kom han i José de Ribera sin verkstad i heimbyen og arbeidde der i ni år, til sist kunne han på fullkome vis herme den naturalistiske stilen til meisteren sin. Han forlet då heimen og reiste til Roma. Der byrja han i lære hos Pietro da Cortona, ein målar som var den rake motsetninga til Ribera.

Snart hadde han fullt ut tileigna seg den nye måten å måle på, med akademisk strek og milde, glade fargar. Dermed fekk han æra av å assistere meisteren sin med dei oppdrag denne hadde. Faren let han i tre år halde fram studiane hos Pietro da Cortona, men deretter tok han han med seg til Parma og Bologna.

Alle stadene let faren sonen kopiere måleria til ulike meistrar, så til sist forsvann kvart eit drag av det personleg særmerkte i Luca Giordano sine bilete. «Fa presto!«» (=skund deg), sa faren; og denne utsegna gjekk over til å verte det ståande tilnamnet som Luca Giordano vart kjend under i kunsthistoria.

Skapinga av mennesket, 1684-86

Giordano var ein eklektikar som søkte å sameine ideell stil med naturalisme, og som visste å gjengi kva stil det måtte vere. Gjennom den uvanleg kjappe arbeidsmåten sin, utvikla han seg til ein snøggmålar som sløste med form, praktfull koloritt og grenselaus fantasi. Eitt døme på denne heilt sjeldne snøggleiken er det store måleriet Francisco Xavier døyper japanar, som han laga for jesuittane i Napoli. Denne rike komposisjonen utførte han på to dagar utan føregåande utkast.

Mellom dei beste arbeida hans høyrer takmåleri i San Martino i Napoli, og ein grasiøs Galatea i 'Palazzo Pitti'. Dessutan fylde han veldige veggflater med komposisjonar, der han inn i mellom lukkast med det meir flyktige dekorasjonsmåleriet. Men ofte, under strevet etter det formfulle og ideale uttrykket, råka han brått inn i krass naturalisme.

Hans bilete og veggmåleri er nærast tallause både i og utanfor i Italia. Truleg laga han om kring 5 000 oljemåleri. Særleg i Spania finst mange av arbeida hans. Dit vart han kalla i 1692 av Karl II og vart handsama som ein fyrste, med livsmidlar og heidersteikn. Han dekorerte både tak og veggar i Escorial med fargane sine.

Draumen til Salomo, 1693

Etter kongen var død i 1702 vende Giordano tilbake til Italia, der han med same iver måla til han døydde i 1705.

Bakgrunnsstroff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luca Giordano

Kjelder[endre | endre wikiteksten]