Lusofoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå ein kampanje for leselyst på portugisisk-talande Aust-Timor.

Lusofoni er eit omgrep som brukast om kulturen rundt det portugisiske språket. Ein lusofon person er ein person som talar portugisisk. Ordet stammar frå namnet på den gamle romerske provinsen Lusitania, som omfatta det området som i dag tilsvarar Portugal.

Omgrepet lusofoni omfattar meir enn det å vere portugisisktalande. Det viser til folk med ein kulturbakgrunn som er nært knytt til det portugisiske språket, uavhengig av etniske og geografiske skilnader. Den lusofone kulturen er ei arv frå det portugisiske imperiet. Enno i dag finst det ei kulturell og politisk tilknyting mellom dei landa som før høyrde til dette imperiet, noko som mellom anna kjem til uttrykk gjennom Samveldet av portugisiskspråklege statar, som vart danna i 1996.

Dei lusofone landa er Portugal, Angola, Brasil, Kapp Verde, Guinea-Bissau, Macau, Mosambik, São Tomé og Príncipe, Aust-Timor i tillegg til andre portugisiskspråklege samfunn rundt om i verda.Til saman finst det om lag 200 millionar menneske i verda som snakkar portugisisk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]