Lysebotn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Lysebotn i Troms
Lysebotn i enden av Lysefjorden sett frå lufta.
Lysebotn (eller Lyse) er ein stad som ligg ved enden av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland. Det er eit turistmål med over 100 000 tilreisande i året. Lysebotn er startstad for mange BASE-hopparar i samband med hopping frå Kjerag. Den kjende vandraren Pilt-Ola voks opp i Lysebotn.
På sommarstid går det både ferje (turistferje med guiding) og hurtigbåt inn fjorden. Vegen opp over til Sirekrok i Øvre Sirdal, Vest-Agder er berre sommaropen.
Lyse kapell ligg i Lysebotn. Kapellet vart bygd i 1961. Tidlegare hadde Lysebotn eigen skule, Lyse skole. Lysebotn har i dag eigen campingplass.
Ved Lysebotn ligg Lyse kraftverk.
Utsyn over Lysebotn frå Øygardstøl (fullt bilete)