Märtha av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kronprinsesse Märtha av Noreg
MärthaNorwayNéeSweden.jpg
Kronprinsesse Märtha av Noreg
Kronprinsesse av Noreg
Fullt namn Märtha Sofia Lovisa Dagmar Thyra
Titlar Prinsesse av Sverige og Noreg (1901-1905)
Prinsesse av Sverige (1905-1929)
Kronprinsesse av Noreg (1929-1954)
Fødd 28. mars 1901, Stockholm i Sverige
Død 5. april 1954, Rikshospitalet i Oslo i Noreg
Ektefelle Olav V av Noreg
Far Carl av Sverige
Mor Ingeborg av Danmark
Born Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen
Prinsesse Astrid, fru Ferner
Harald V av Noreg

Kronprinsesse Märtha av Noreg (fødd 28. mars 1901 i Stockholm, død 5. april 1954 i Oslo) var kronprinsesse av Noreg frå 1929 til ho døydde i 1954.

Märtha vart fødd i Stockholm i Sverige 28. mars 1901 som svensk og norsk prinsesse av slekta Bernadotte. Ho var nest eldste dotter av prins Carl Bernadotte av Sverige og prinsesse Ingeborg av Danmark. Fram til ho døydde var Märtha den høge beskyttarinna for Norges Lotteforbund.

Ho vart gift 21. mars 1929 i Vår Frelsers kirke, i dag Oslo Domkyrkje, med kronprins Olav V av Noreg. Dei to var syskenbarn.

Olav og Märtha fekk barna prinsesse Ragnhild av Noreg (seinare Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen), prinsesse Astrid av Noreg (no Prinsesse Astrid, fru Ferner) og prins Harald av Noreg (no kong Harald V av Noreg).

Märtha døydde 5. april 1954 i Oslo. Kronprins Olav vart i 1957 konge av Noreg, som Olav V.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1901–1905: Prinsesse Märtha av Sverige og Noreg
  • 1905–1929: Prinsesse Märtha av Sverige
  • 1929–1954: Kronprinsesse Märtha av Noreg

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kronprinsesse Märtha vart 3. august 1942 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden for «innsats for Norges sak under krigen».[1]

I tillegg var ho innehavar av St. Olavsmedaljen og Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905–1930.[1]

Av utanlandske dekorasjonar var ho innehavar av Kong Georg VIs kroningsmedalje, Kong Christian Xs frihetsmedalje, Minnemedaljen for Kong Frederik VIIIs 100-årsdag og Kong Gustaf Vs 70-årsmedalje.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Norges Statskalender 1948 s. 1091-1092.