Veke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei veke er ei samanhengande eining av få dagar som stadig gjentek seg. Dei fleste kalendrar som er i bruk i dag har sju dagar. I vår kalender er veken uavhengige av månadane, slik at vekedager fell på ulike datoar.

Sjudagarsveka[endre | endre wikiteksten]

Veka

Valet av veka med sju dagar er eldgammalt, har halde seg i tusenår og spreidd seg over heile verda. Ho blei brukt i Babylonia og det gamle Egypt, der ein såg samband mellom dagane og dei sju himmellekamane ein kunne sjå på himmelen. Ein meinte dei var gudar som herska over ulike dagar og tidspunkt. Denne læra har også gjeve namn til våre moderne dagar, ved at romarane assosierte sine gudar med planetar og deretter med dei germanske gudane.

Jødane tok over sjudagarsveka frå babylonarane under sitt eksil i riket deira. Dei gav dagane nummer i staden for å kalla dei opp etter himmellekamer. Systemet spreidde seg òg austover, til India og heilt til Japan, der dagane hadde samband med dei same himmelkroppane som i Babylonia. Veka vart òg brukt i Kina, men var ikkje så viktig der før i moderne tid.

Mellom anna i gamle kyrkjebøker, hender det at dei latinske namna på vekedagane er nytta: Sundag = Dominica, måndag = Feria secunda, tysdag = Feria tertia, onsdag = Feria quarta, torsdag = Feria quinta, fredag = Feria sexta, laurdag = Die sabbatum.

Veker med andre lengder[endre | endre wikiteksten]

Ein har hatt korte veker, heilt ned til fire dagar i visse afrikanske kulturar, og opp til ti i oldtidas Hellas og Egypt. Romarriket hadde ei åttedagarsveke som ei stund eksisterte parallelt med sjudagarsveka.

I 321 gav keisar Konstantin den store ut eit dekret som sa at veka skulle ha sju dagar, med namn etter dei sju himmelkroppane (og gudane) Sola, Månen, Mars, Merkur, Jupiter, Venus og Saturnus, og at soldagen skulle vera den religiøse festdagen for alle trusretningane i riket.

Sjudagssystemet har sidan rulla og gått sin sigersgang over verda, og har vist seg svært motstandsdyktig mot endring. Då Europa gjekk over frå den julianske til den gregorianske kalenderen «mista» ein fleire dagar av ein månad, men vekene gjekk vidare som om ingen ting var hendt.

Under den franske revolusjonen prøvde ein å innføra ei veke på ti dagar, men denne forsvann saman med resten av den revolusjonære kalenderen. Også i Sovjetunionen prøvde ein å innføra ulike veker - ei på fem dagar i 1929, og ei på seks i 1932 - men i 1940 gjekk landet tilbake til dei sju dagane.

Det er òg blitt gjort forsøk på å synkronisera vekene med månadene og året, slik at datoane alltid fell på same vekedag, men ingen slike drastiske kalenderendringar har lukkast til no.

Kva tid byrjar ei veke?[endre | endre wikiteksten]

I følgje den jødiske (og seinare kristne) skaparforteljinga, skapte Gud verda i løpet av seks dagar, medan han kvilte på den sjuande. Denne sabbatsdagen markerte slutten på veka, medan dagen etter markerte byrjinga på ei ny. Jødane feirar sabbat på ein laurdag, og dermed byrja veka på søndagen.

Ettersom dei kristne feira sabbaten sin på søndagen, såg mange det som meir logisk å la veka starta på måndagen. Dette blei først ein internasjonal standard i 1972 gjennom ISO 8601, som òg fastsette korleis ein skulle nummerera vekene i året: Den veka i det nye året som inneheld minst fire dagar, det vil seie den første veka med ein torsdag, er veke 1. Med dette systemet opna ein for at året kunne ha 53 nummererte veker.

Ettersom islam sin høgtidsdag er på fredagen, byrjar deira veke på laurdagen.


Måleiningar for tid
mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår