Machiguengaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Machiguengaer (òg kalla matsigenka, matsigenga) er ei folkegruppe som lever i peruansk del av regnskogen i Amazonas. Busetnadene ligg i Calca-provinsen og La Convención-provinsen i Cuzco-regionen og i Manú-provinsen i Madre de Dios ved elvane Urubamba, Camisea, Picha, Manú, Timpia, Tigompinia, Kompiroshiato og Mishagua.

Machiguenga er òg namnet på språket deira, eit språk av den sørleg arawak-familien i nærast slektskap med språket til nomatsiguengafolket og til asháninkafolket.

Machiguengaene lever av svibruk, jakt og fiske. Dei haustar maniok, ein annan rotfrukt sachapapa, pituca, søtpotet, jordnøtter, mais og bananar. I nyare tid har dei dessutan dyrka kaffi og kakao for sal.

Etter at Martín García Loyola først starta med misjonering i 1572, har det vore stadige freistnadar på misjonering blant machiguengafolket opp gjennom hundreåra utan suksess. I gummiboomen mot slutten av 1800-talet vart folket utsett for slaveri, massakrar og sjukdommar som malaria og koppar som reduserte stoleiken på folkesetnaden. Frå ca.1940 var malaria utrydda samstundes som folket opplevde auka kolonisering frå nybyggarar av quechuaer frå Andes som var sponsa av styresmakta. Denne utviklinga vart styrkt i 1958 då vegen til Koribeni vart ferdig og frå 1962 då ei ny bru var klar.

Petroleumsverksemda har vore den sterkaste trusselen mot machiguengafolket etter ca. 1980.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]