Magnar Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnar Solberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1937 (87 år)
Soknedal
Yrke skiskyttar
Magnar Solberg på Commons

Magnar Solberg (fødd 4. februar 1937 i Soknedal) er ein norsk tidlegare skiskyttar og politimann. Han var medlem av Trondhjems Skytterlag.

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Solberg tok gull på 20 kilometer under OL 1968 i Grenoble, og forsvarte gullmedaljen under OL 1972 i Sapporo. Han tok bronse på 20 kilometer både under VM 1969 og VM 1971. I fire år på rad, 1968-71, var han på norske stafettlag som vann sølvmedaljar i dei store meisterskapane, fyrst i OL og så i tre VM.

I 1968 blei han tildelt Olavstatuetten og Morgenbladets Gullmedalje.

Solberg bar det norske flagget under opningssermonien under vinter-OL 1972.

Meisterskapsmedaljar[endre | endre wikiteksten]

Dei olympiske ringane Olympiske leikar
Medalje Øving År Stad
Gull 20 km 1968  Frankrike Grenoble
Gull 20 km 1972  Japan Sapporo
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1968  Frankrike Grenoble
Skiskyting Verdsmeisterskap
Medalje Øving År Stad
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1969  Polen Zakopane
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1970  Sverige Östersund
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1971  Finland Tavastehus
Bronse 20 km 1969  Polen Zakopane
Bronse 20 km 1971  Finland Tavastehus

Han la opp som skiskyttar i 1972.

Politi[endre | endre wikiteksten]

Magnar Solberg arbeidde som etterforskar ved politikammeret i Trondheim. Han tok del i etterforskinga av Fritz Moen, ei sak som enda med justismord i det som er kjent som Moen-saka. «- Jeg tok del i den store tabben, sammen med mange andre», sa han til VG.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]