Vinter-OL 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 10. olympiske vinterleikane
Deltakande nasjonar 37
Deltakarar 1158 (947 menn, 211 kvinner)
Øvingar 35 i 6 idrettsgreiner
Opningsseremoni 6. februar 1968
Avslutningsseremoni 18. februar 1968
Offisielt opna av Charles de Gaulle
Norsk flaggbærar Bjørn Wirkola

Vinter-OL 1968 vart arrangert i Grenoble i Frankrike.

Noreg vart beste nasjon. Frankrike sin eigen Jean-Claude Killy vart leikane sin framgrunnsfigur med gull i slalåm, storslalåm og utfor. Noreg tok fire gull i langrenn: Både herrelaget og damelaget gjekk til topps i stafetten, Harald Grønningen vann 15-kilometeren, medan Ole Ellefsæter tok seg av femmila. I tillegg vann Magnar Solberg 20 km skiskyting, og Fred Anton Maier vann 5 000-meteren på skøyter.

For fyrste gong tillet den internasjonale olympiske komitéen (IOK) at (Vest-)Tyskland og DDR fekk delta med adskilte troppar. For fyrste gong vart det òg teke dopingtestar av utøvarar.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Wirkola, som deltok i hopp.

Idrettsgreiner[endre | endre wikiteksten]

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

De 10 beste nasjonene:

Dei beste nasjonane
Plass Nasjon Gull Sølv Bronse Totalt
1 Noreg 6 6 2 14
2 Sovjetunionen 5 5 3 13
3 Frankrike 4 3 2 9
4 Italia 4 0 0 4
5 Austerrike 3 4 4 11
6 Nederland 3 3 3 9
7 Sverige 3 2 3 8
8 Vest-Tyskland 2 2 3 7
9 USA 1 5 1 7
10 Finland 1 2 2 5