Magnus Marsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Marsdal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1974 (49 år)
Trondheim
Yrke journalist, skribent
Magnus Marsdal på Commons

Magnus Engen Marsdal (fødd 12. juli 1974) er ein norsk journalist, forfattar og samfunnsdebattant. Marsdal har i det politiske arbeidet sitt vore sterkt påverka og inspirert av Pierre Bourdieu sine teoriar om samanhengen mellom økonomisk og kulturell kapital.

Magnus Marsdal voks opp i Trondheim, der han etterkvart vart medlem av Raud Ungdom. På 1990-talet flytta han til Oslo og vart ein av dei mest sentrale leiarfigurane i organisasjonen. Han var mellom anna nestleiar i ein landsmøteperiode. Marsdal er ein av dei som i RU har stått i spissen for ei tilnærming av organisasjonen mot Sosialistisk Ungdom og nedtoning av gamle organisasjonsprinsipp på den ytre venstresida, noko han fekk ein del kritikk for internt. Mellom anna fann motstandarane opp tilnamnet marsdalisme, som skulle vera ideologien til høgrefløya i Raud Ungdom. Han har seinare vore medlem av RV og Raudt. Marsdal vart etter konferansen Manifest02 i 2002 styremedlem i den nye tenkjetanken Manifest, der han seinare har vore ein sentral person. I perioden 2005-2006 var han leiar for organisasjonen Attac. Han jobba òg på slutten av 1990-åra og byrjinga av 2000-åra i avisa Klassekampen.

Utgjevingar som forfattar[endre | endre wikiteksten]

I 2004 skreiv Marsdal boka Tredje venstre - for en radikal individualisme saman med Bendik Wold. Boka er ein kritikk av den økonomiske globaliseringa som særleg voks fram på 90-talet. Forfattarane freistar òg å drøfta alternativet, og tek utgangspunkt i dei nye sosiale rørslene som oppstod globalt gjennom 1990- og 2000-åra og kom til uttrykk i store demonstrasjonar for demokrati og mot nyliberalismen. Forfattarane etterlyser òg ein strategi hjå venstrepartia for ein meir «moderne» sosialisme som skulle vera tufta på individualisme framføre kollektivisme og på nye organisasjonsformer.

I 2007 gav han ut boka Frp-koden, der han freista å analysera kva som gjer at veljarar frå arbeidarklassen røystar på Framstegspartiet, som er eit liberalistisk parti og dermed ikkje kan forventast å føra ein politikk som kjem arbeidsfolk til gode.[treng kjelde] Boka byggjer på samtalar med einskildpersonar frå arbeidarklassen, i tillegg til ein politisk analyse av kvifor partia som tradisjonelt høyrer til venstresida og arbeidarklassen ikkje får med seg arbeidarklassen. Boka har vorte godt motteken, m.a. har Carl I. Hagen uttrykt at Marsdal treffer godt med analysane sine.

I 2008 gav han ut boka AFP på en-to-tre, som sette fart på den nasjonale debatten om Avtalefesta Pensjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]