Malangen
- For fjorden med same namn sjå Malangsfjorden.
Malangen er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Troms fylke. Opphavleg var Malangen del av Balsfjord formannskapsdistrikt. 1. januar 1871 blei han skild ut som eigen kommune med 1 425 innbyggjarar. Samstundes blei ein del av Lenvik med 70 innbyggjarar overført til Malangen.
1. januar 1873 blei ein del av Malangen med 287 innbyggjarar overført til Tromsøysund. I 1891 blei nokre parsellar på Målsnes i Malangen med 30 innbyggjarar overført til Målselv.
1. januar 1964 blei det meste av Malangen og Balsfjord slått saman til ein kommune som fekk namnet Balsfjord. Malangen hadde ved samanslåinga 1 940 innbyggjarar. Naveren og Målsnes i Malangen med 118 innbyggjarar gjekk inn i Målselv kommune. Garden Skogli ved Heia i Balsfjord med 2 innbyggjarar gjekk òg inn i Målselv.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for tidlegare Malangen kommune frå 1900 til 1964:
| 1900[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1964[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1613 | 1788 | 1966 | 2296 | 2282 | 2111 | 2058 |
Fotnotar [endre]
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Malangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)