Maltesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maltesisk
(Malti)
Klassifisering: Afroasiatisk
 Semittisk
  Sentralsemittisk
   Maltesisk
Bruk
Tala i: Flag of Malta.svg Malta
Område: Malta
Maltesisktalande i alt: 500 000 [1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Malta.svg Malta
Flag of Europe.svg EU
Normert av: -
Språkkodar
ISO 639-1: mt
ISO 639-2: mlt
ISO 639-3: mlt
Wikipedia på maltesisk

Maltesisk (maltesisk Malti) er offisielt språk på Malta, og offisielt språk i EU. Det er ein tidlegare arabisk dialekt, men i løpet av historia si har det teke opp mange lånord og fonologiske trekk frå sørlege italienske dialektar, særleg frå siciliansk, og frå engelsk. Maltesisk er det einaste semittiske språket som har eit skriftspråk skrive med det latinske alfabetet som standard.

Maltesisk fekk status som offisielt språk på Malta i 1936, attmed engelsk. Før det var det offisielle språket på øya italiensk.

Det eldste dokumentet på maltesisk er «Il Cantilena», eit dikt frå 1400-talet.[2]

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Maltesisk er eit arabisk språk, noko som kjem godt fram i grammatikken. Adjektiva kjem etter substantiva i nominalfrasen, det er ikkje eigne adverb, og ordstillinga er relativt fri. Som i arabisk og hebraisk, tar substantiva og adjektiva determinativ, til dømes L-Art l-Imqaddsa, bokstaveleg «det land det heilag = Det heilage landet»; jamfør arabisk Al-Ardh al-Muqaddasa). Denne regelen gjeld ikkje for substantiv og adjektiv lånt frå siciliansk.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiv blir bøygd i eintal, total og fleirtal. Verb blir bøygd som i andre semittiske språk, der vokalane endrar seg, men ein stamme på tre konsonantar er konstant, jf. ktibna, arabisk katabna, hebraisk katavnu «vi skreiv»). Lånord frå siciliansk blir handsama på ein annan måte, med prefiks og suffiks, t.d. iddeċidejna "vi bestemte" < (i)ddeċieda 'verbstamme' + -ejna 'første person plural perfektum').

Dette speglar eit generelt trekk i maltesisk grammatikk: Det er to parallelle grammatiske mønster, eit med semittisk indre bøying for det semittiske ordforrådet, og eitt med suffiksering og perifrastiske konstruksjonar for det ikkjesemittiske ordforrådet.

Romanske lånord uttrykker fleirtal med hjelp av suffiks, -i eller -jiet (for eksempel lingwa, lingwi «språk»; arti, artijiet «kunst»). Fleirtal av semittiske ord, derimot, kan uttrykke fleirtal med suffiksering eller med indre bøying. Regelmessige substantiv får suffikset -iet/-ijiet (jf. arabisk -at og hebraisk -ot) eller -in (arabisk -in, hebraisk -im). Viss dei er uregelrette, blir dei bøygd med intern vokalendring: ktieb, kotba «bøker», raġel, irġiel "menn".

Verb[endre | endre wikiteksten]

Maltesiske verb blir bøygd i eintal, total og fleirtal. Delar av verbbøyinga er av semittisk type, med ei rot som består av ei konstant konsonantrekke og med vokalvekslingar mellom desse.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Grovt sett er rundt 40 % av det maltesiske ordforrådet i dag av semittisk opphav, 40 % av romansk og 20 % av engelsk.[2]

Grunnordforrådet er semittisk, men det er mange lånord frå siciliansk, særleg innanfor kulturordforrådet. Ord som raġel mann, mara kvinne, tifel barn, dar hus, xemx sol, sajf sommer, er semittiske, mens ord som skola skole, gvern regjering, repubblika republikk, re konge, natura natur, pulizija politi, ċentru senter, teatru teater, differenza skilnad, er lånt frå siciliansk. Det finst også ein del engelske lånord, som strajk, 'streik' og daljali, 'ringe'.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Her kjem det maltesiske alfabetet, med IPA -symbol og norske døme:

Bokstav IPA Uttale
A a som norsk a
B b som norsk b, men i slutten av ord som p.
Ċ som i engelsk church
D d som norsk d, men i slutten av ord som t.
E ɛ som norsk e
F f som norsk f
Ġ som engelsk jump (dzj), som tysk dsch i 'Dschungel', men i slutten av ord som tsj
G g som norsk g, men i slutten av ord som k.
  Denne bokstaven gjer vokalen som står attmed lang og faryngalisert, bortsett frå når det kjem ein 'h' etterpå, då blir han uttalt som lang 'ħ'
H   ikkje uttalt, bortsett frå i slutten av ord, då det blir uttalt som 'ħ'.
Ħ ħ som tysk «ch» i 'Bach'.
I i som norsk i
IE , som tysk lang ih/ie
J j som norsk j
K k som norsk k
L l som norsk l
M m m
N n som norsk n
O ɔ som norsk (kort) å, t.d. i godt
P p som norsk p
Q ʔ glottal stop, som i Cockney-engelsk «bottle».
R r som norsk r.
S s som norsk s
T t som norsk t
U u som i norsk tung.
V v som norsk v, men i slutten av ord som f.
W w som i engelsk west
X ʃ som norsk sj i sjokolade
Z ts som norsk ts i vits, men i nokre lånord som dz.
Ż z stemt s, som i engelsk maze, men i sluttenav ord som s.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediamaltesisk


Semittiske språk
Austsemittisk: akkadisk
Nordvestsemittisk: ugarittisk · hebraisk · arameisk · arabisk · maltesisk
Sørsemittisk: geez · amharisk · tigrinja · tigré · gurage · harari

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ca. 400 000 talarar på Malta og 100 000 i andre land som Australia, USA, Canada, Italia og Storbritannia, i følgje BBC 2013.
  2. 2,0 2,1 BBC, bbc.co.uk (2013), «Maltese, Malti», Languages across Europe, http://www.bbc.co.uk/languages/european_languages/languages/maltese.shtml