Manakinar
| Manakinar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Pipridae | |
Manakinar, Pipridae, er ein familie med omkring 60 artar av små sporvefuglar, ordenen Passeriformes. Familien har utbreiing i topisk Amerika.
Innhaldsliste |
Skildring[endre]
Manakinar varierer i storleik frå 7 til 15 cm og i vekt 8 til 30 g. I slekta Tyranneutes finn vi dei minste artane. Manakinar er kompakte fuglar med kort hale, breie og avrunda venger, og store hovud. Nebba er korte og har eit breitt gap. Hoer og eittårige hannar har matt grøn fjørdrakt. Dei fleste artane har hekkedrakt, hannane som oftast svart drakt med flotte fargeflekkar, og nokre artar har lange dekorative halefjør, kronfjør eller utståande strupefjør. Hos enkelte artar har umodne hannar på to til fire år ei særeigen fjørdrakt.
Syrinxen er karakteristisk hos manakinar og skil manakinar frå dei næraste slektningane, kotingaer og tyrannar. Syrinxen er så distinktiv for grupper og slekter av manakinar at til og med artar kan bli identifisert av syrinxen aleine, i motsetnad til artar av songfuglfamiliar. Lydane er fløytetonar, trillar, og summing.
Utbreiing, habitat, og diett[endre]
Vi finn manakinar frå det sørlege Mexico ned til Nord-Argentina, Paraguay, og det sørlege Brasil, dessutan på Trinidad og Tobago. Dei er svært arboreale fuglar, finst nesten utelukkande i skog og skogsterreng. Dei fleste artane lever i fuktig tropisk lågland, med få artar i tørr skog og elveskog. Nokre artar i høglandet har altitudinal migrering. Føda er små frukter, bær og i mindre grad insekt. Dei kan plukke frukt i flukt, difor trur ein dei kan ha utvikla seg frå instektetande fuglar. Somme tider dannar dei fleirartsflokkar for matauk.
Forplanting[endre]
Mange manakinartar har spektakulære ritual i paringsleiken, som er særleg omstendelege hos slektene Pipra og Chiroxiphia. Medlemmene av slektene Machaeropterus og Manacus har spesielle vengfjør som dei nyttar til å lage summelydar og klappelydar. Reiret er skålforma og ligg generelt lågt i terrenget. Hoane utfører ruging i 18 til 21 dagar, og sørgjer for føde til ungane i 13 – 15. Hjelmmanakin dannar stabile par, men bidraget frå hannen er avgrensa til å forsvare territoriet. Normalt er det er to egg i kvart kull, dei er mattgule eller skittenkvite med brune markeringar.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Manakin frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
-
- Prum, Richard O.; Snow, David W. (2003). Manakins, in Perrins, Christopher: The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, 434–437. ISBN 1-55297-777-3.
- Lanyon, Scott N. (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 167-168. ISBN 1-85391-186-0.
- Remsen, J. V., Jr., C. D. Cadena, A. Jaramillo, M. Nores, J. F. Pacheco, M. B. Robbins, T. S. Schulenberg, F. G. Stiles, D. F. Stotz, & K. J. Zimmer. 2007. A classification of the bird species of South America. American Ornithologists' Union. Lest 12. desember 2007.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Jungle Dancers, Nature artikkel om levevis for manakinar på nettstadet til Public Broadcasting Service
- Videoar av to klader av manakinar, frå nettstaden til Journal of Experimental Biology.
- Videoar av Machaeropterus deliciosus som gjer "tik-tik-ting" lyden med vengerørsler, frå nettstaden til Science.
- Videoar med manakinar