Manfredonia
| Manfredonia | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Region Provins |
Puglia Foggia |
|
| Borgarmeister | Francesco Paolo Campo | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
351 km² |
|
| Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
57 424 163.90/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 5 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 71043 | |
| Telefon-retningsnummer | 0884 | |
| Nettstad: www.comune.manfredonia.fg.it | ||
Manfredonia er ein by i provinsen Foggia i regionen Puglia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg ved kysten av Adriahavet, om lag 35 km nordaust for Foggia med jernbane og sør for fjellet Gargano
Historie[endre]
Området rundt Manfredonia vart busett i antikken av Dauni-stamma, som kom hit frå Illyria. Den blømande greske kolonien kom seinare inn under samnittane og vart gjenerobra rundt 335 fvt. av kong Aleksander av Ipiros, onkel til Aleksander den store. I 189 fvt. vart han erobra av romarane.
I år 663 vart han erobra av og øydelagd av slavarar. På 800-talet vart han ei stund underlagt sarasenarane.
I 1042 gjorde normannarane byen til sete i eit av dei tolv grevskapa sine, medan Monte Gargano vart verande under Austromarriket. Normannarane vann ein avgjerande siger der over den austromerske generelane Argyrus i 1052. Byen vart så erkebispedøme i det normanniske grevskapet Puglia.
Etter eit jordskjelv i 1223 vart vatnet i lagunane helseskadeleg og den gamle byen vart forlatt. Den moderne byen Manfredonia vart bygd av kong Manfred mellom 1256 og 1263, nokre kilometer frå ruinane av den antikke byen.
I 1528 stod Manfredonia imot eit fransk åtak leia av vicomten av Lautrec. I 1620 vart han øydelagd av osmanarane, som berre etterlet borga og delar av bymurane.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Manfredonia» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2008.