Manytsj-Gudilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manytsj-Gudilo
Stad Kalmykia
Koordinatar 46°20′9″N 42°47′58″EKoordinatar: 46°20′9″N 42°47′58″E
Type innsjø Saltsjø
Utsig Azovhavet
Tilknytte land Russland
Overflateareal 344 km²
Middeldjupne 0,6 m

Manytsj-Gudilo (russisk Маныч-Гудило) er ein stor saltsjø i Kalmykia i Russland. Delar av han ligg innanfor Rostov oblast og Stavropol kraj. Han har eit areal på 344 km² og er i snitt berre 0,6 meter djup. Han renn ut i Azovhavet og elva endar nær Rostov-na-Donu. Temperaturen i området kan varierer frå -30 °C om vinteren til 40 °C om sommaren. Mange fugleartar held til her og området er ein del av Tsjernyje Zemli biosfærereservat.[1][2][3]

Om det globale havnivå skulle kome til å stige om lag 25 meter ville vatn frå Azovhavet bryte inn i innsjøen og så flaume over i Den kaspiske senkinga rundt Kaspihavet (inkludert byar som (Astrakhan, Baku, Sumqayit og Rasjt).[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]