Maoridukkand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maoridukkand
Maoridukkand, hofugl i hekkedrakt Foto: Tony Wills
Maoridukkand, hofugl i hekkedrakt
Foto: Tony Wills
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Maoridukkand
Utbreiinga av Maoridukkand
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Aythya
Art: Maoridukkand A. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Aythya novaeseelandiae

Maoridukkand (Aythya novaeseelandiae) er ei lita dukkand i Aythya-slekta som er endemisk for New Zealand og sjeldan, men spreidd over det meste av landet.

Hannfuglar verkar nesten svarte, men har raudbrunt på kroppssidene og brunfarge i buken, auga er gyllengule og nebbet er blått med svart spiss. Hoer er mørk brune ofte med eit vertikalt tynnt kvitt band ved nebbrota. I flukt viser begge kjønn eit breitt, kvitt band frå vengespissen langs baksida av vengen innover mot kroppen. Kroppslengda er ca. 40 centimeter og dei veg ca. 650 gram.

Typisk habitat er store og djupe innsjøar, men dei lever òg på småsjøar ved kysten. Dei dukkar til minst tre meters djupne, oftast i 15 til 20 sekund, men eit dukk kan i somme fall vare i over eit minutt. I grunne område kan dei dukke som ei grasand med stjerten opp i vêret. Føda er vegetabilsk, samt virvellause dyr slik som ferkvassniglar.

Egglegging skjer ofte frå slutten av oktober til desember. Kullet er typisk 8 egg som hoa rugar i ca. 30 dagar. Ungane er dunkledde ved klekking og straks i stand til å finne føde sjølve.

Populasjonen er på 5000-10 000 individ og er trudd å vere aukande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2012) Species factsheet: Aythya novaeseelandiae. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maoridukkand