Marcel Duchamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marcel Duchamp
The Rude Descending a Staircase, 1913
Fontene, 1917

Henri-Robert-Marcel Duchamp (28. juli 18872. oktober 1968) var ein fransk-USA-amerikansk kunstnar. Han har spela ei stor rolle for utviklinga av både europeisk og USA-amerikansk popkunst og konseptkunst, særleg på 1960- og 70-talet. Kunsten hans har vore sentral i diskusjonen om kva som kan vere kunst. Duchamp budde i USA frå 1914 og var USA-amerikansk borgar frå 1955.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Duchamp vart fødd i landsbyen Blainville-Crevon nord i Frankrike. Han hadde fem sysken, tre av desse vart også kjente kunstnarar i heimlandet; Jacques Villon, Raymond Duchamp-Villon og Suzanne Duchamp-Crotti. Duchamp starta som ein post-impresjonistisk og kubistisk målar, men vart snart ein av dei sentrale figurane innanfor den dadaistiske krinsen.

I 1912 måla han biletet Naken kvinne går ned ei trapp, No. 2. Biletet er laga i kubistisk stil, og trekte vekslar på filmen si evne til å vise rørsle. Dette nyskapande måleriet gjorde Duchamp kjent for eit større publikum. Trass i det slutta han omtrent samtidig å måle. Etter eiga utsegn ville han «kome dit handa og auget ikkje lenger har noko som helst vekt». Sidan var mange av dei viktigaste arbeid hans såkalla «readymades»; kvardagslege, masseproduserte gjenstandar plassert inn i ein kunstsamanheng og slik gitt status som kunstobjekt. Det første av desse, eit sykkelhjul montert på ein krakk, vart produsert i 1913.

Duchamps mest kjente arbeid, og eit av dei mest omdiskuterte verka i kunsthistoria, vart vist på ei kunstutstilling i New York i 1917. Under signaturen «R. Mutt» plasserte han eit pissoar på ein sokkel og gav det tittelen Fontene. Arbeidet provoserte til diskusjon, noko som førte til at Duchamp trekte verket fra utstillinga like etter opninga. Fontene har vorte ståande som eit referanseverk for kunstnarar som set idé framom utføring i produksjonen av kunst.

Karakteristisk for Duchamp sin kunst er kritikken av den tradisjonelt opphøgde status til kunstverk. Han blanda kunst og trivialkultur gjennom bruken av readymade-objekt, ofte kombinert med ordspel og ein subtil humor. Til dømes teikna han bartar og fippskjegg på ein plakat av Leonardos Mona Lisa, og sette teksta «L.H.O.O.Q.» under. Uttala på fransk lyder tittelen som elle a chaud au cul (=«ho har ei heit rumpe»). Han spela også på ideen om identitet gjennom tidvis å opptre som kvinne, under namnet Rrose Sélavy (kan uttales Eros, c'est la vie, eller «eros, det er livet»).

Frå 1923 brukte Duchamp tida på sjakkspel, og han arbeidde i lengre periodar som bibliotekar og fransklærar. Han laga sporadiske utstillingar, mellom anna saman med surrealistane. Han produserte fleire store arbeid også i denne perioden, som Den grøne boksa, og Bruda kledd naken av sine ungkarar, til og med (eller «Det store glaset») 1934, som finst i fleire versjonar.

Duchamp grunnla den USA-amerikanske avdelinga av dadaisme og Société Anonyme, ei samling avantgarde-kunst, saman med Man Ray i 1920. Mellom 1942 og 1944 var han ein av redaktørane i det surrealistiske tidsskriftet «VVV» i New York, saman med Max Ernst og André Breton.

Duchamp døydde i Neuilly-sur-Seine i Frankrike i 1968.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marcel Duchamp

Kjelder[endre | endre wikiteksten]