Marcus Grönholm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcus "Bosse" Grönholm (fødd 5. februar 1968) er ein finsk rally-førar. Grönholm vann verdsmeisterskapen i rally både i 2000 og 2002, medan han køyrde for Peugeot. Då det franske bilmerket trekte seg frå WRC, flytta Grönholm over til Ford før 2006-sesogen. Den sesongen tapte han tittelen for Sébastien Loeb, med berre eit poeng. Neste sesong kom han igjen på, andreplass, 4 poeng bak Loeb. Marcus Grönholm og kartlesaren Timo Rautiainen trekte seg frå rally etter 2007-sesongen, men kom attende i 2009 med ein privatdriven Subaru.
Grönholm har og vunne 2002-utgåva av Race of Champions, der han tok med seg heim Henri Toivonen Memorial Trophy som «Champion of Champions».
|
|
|
|---|---|
| 1977 |