Marina Tsvetajeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marina Tsvetajeva

Marina Ivanovna Tsvetajeva (russisk: Мари́на Ива́новна Цвета́ева), (9. oktober 189231. august 1941), var ein russisk poet og forfattar som var knytt til dei litterære symbolist- og akmeismerørslene.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Tsvetajeva var dotter til ein historieprofessor og ei mor som hadde lese mykje. Då mora fekk tuberkulose flytta familien år 1902 til Sveits, der mora døydde i 1906. Tsvetajeva lærde seg fransk og tysk og studerte i 1908 litteraturhistorie ved Sorbonne i Paris. Hennar fyrste diktsamling, Kveldsalbum, vart publisert i 1910.

Under vitjingar ved Svartehavet trefte ho kadetten Sergej Efron. Dei to gifta seg i 1912 og fekk to døtrer. Familien budde på Krim fram til den russiske revolusjonen i 1917. Efron vart då stasjonert i Moskva. Etter revolusjonen slutta han seg til kvitegardistane. Dei neste fem åra budde Tsvetajeva i Moskva. Tilhøva var vanskelege, med svolt og sjukdom, og eine dottera døydde.

I 1922 klarte familien å forlate Sovjetunionen. Dei budde fyrst i Berlin, sidan i Praha og frå 1925 til -39 i Paris. Åra frå 1923 til 1932 fekk Tsvetajeva gitt ut tre diktsamlingar. Etter ho skreiv eit rosande brev til den kommunistiske poeten Vladimir Majakovskij, vart ho frosen ut av dei russiske emigrantane og arbeida hennar vart ikkje lenger prenta i emigrantavisa Siste Nyhende. Ektemannen og dottera Alja vart med åra positive til den sovjetiske kommunismen, noko som førte til at Efron byrja spionere for NKVD. År 1937 vende dottera tilbake til Russland, seinare same året også Efron. Han hadde då flykta frå det franske politiet, som ettersøkte han for mord på ein russisk avhoppar.

I Russland vart både Efron og Alja skulda for spionasje, Efron vart skoten i 1941 og Alja dømd til åtte års fengsel. Tsvetajeva evakuerte omtrent samstundes til Jelabuga i Tatarstan, der ho same året hengde seg. Dottera Alja slapp fri fyrst då Stalin døydde.

Stalinregimet aksepterte ikkje Tsvetajevas eksentriske, inn i mellom seksuelt ladda verk. Fyrst ut på 1960-talet vart forfattarskapen hennar teken fram att i Sovjetunionen.

Om Tsvetajeva på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørg Vindsetmo: Nærmest hjertet. 2001
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marina Tsvetajeva
Wikisource

Originaltekst av Marina Tsvetajeva ved Wikisource (ru).