NKVD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NKVD-emblem

NKVD - Folkekommissariatet for innanrikssaker (russisk Народный комиссариат внутренних дел, НКВД, Narodnyj komissariat vnutrennikh del) var Sovjetunionen si interne tryggingsteneste og hemmelege politi frå 1934 til 1946.

NKVD inkluderte det regulære politiet i Sovjetunionen (inkludert trafikkpoliti, brannvesen, grensevakter og arkivar) men er betre kjend for å drive Gulagsystemet og 'Hovuddirektoratet for statens tryggleik' (GUGB) som til slutt vart til Komiteen for Statens Sikkerhet, betre kjent som KGB.

NKVD utførte masseavrettingar, dreiv Gulagsystemet med eit stort nettverk av konsentrasjonsleirar (med slavearbeidsleirar), undertrykte motstand mot kommunistregimet og utførte massedeportasjonar av heile folkegrupper, minoritetar og andre grupper (som til dømes «kulaker») til øyde område av landet. Dei vakta også statsgrensene, dreiv spionasje og politiske løynmord utanlands, var ansvarlege for påverknad av framande regjeringar og gjennomføring av stalinistisk politikk i høve til kommunistiske rørsle i andre land.

I Stalin-perioden inkluderte NKVD sine oppgåver mellom anna etnisk reinsing og folkemord. I 1940 utførte NKVD Katyn-massakren, der mellom 10 000 og 20 000 polske offiserar og intellektuelle vart avretta.[1] Same år tok også NKVD-agenten Ramón Mercader livet av Lenin sin nære medarbeidar Lev Trotskij i Mexico.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lokk på Katyn-drapene