Mario Kart Wii
| Mario Kart Wii | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | Mario Kart |
| Sjanger | Resarspel |
| Spelmodus | Einspelar, fleirspelar, nettspel |
| Utgjeving | JP 10. april 2008 EU 11. april 2008 AUS 24. april 2008 NA 27. april 2008 |
| Medium | 1 Optisk Wii-plate |
| Stødde einingar | Wii-fjernkontroll, nunchuk, klassisk kontroll, GameCube-kontroll |
| Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G |
Mario Kart Wii (マリオカートWii Mario Kāto Wī) er eit resarspel for Wii, utvikla av Nintendo EAD og publisert av Nintendo. Det er det sjette spelet i Mario Kart-serien (sett bort ifrå dei to arkadespela), og det andre Mario Kart-spelet som tek Nintendo Wi-Fi Connection i bruk. Spelet vart lansert globalt gjennom april 2008, men eit år seinare i Sør-Korea. Til kvart eksemplar av spelet fylgjer det med eit Wii Wheel, som ein kan plassera Wii-fjernkontrollen inni for meir intuitiv og ordinær styring.
Nytt frå føregangaren, Mario Kart DS, femner motorsyklar og støtte for opp til tolv kappkøyrarar på nett. I likskap med dei andre spela i Mario Kart-serien går spelet ut på at forskjellige figurar frå dei mange Mario-spela køyrer om kapp på banar med tema frå ulike område i Mario-serien. Støtte for Nintendo Wi-Fi Connection lèt ein køyre om kapp med andre spelarar frå heile verda, og nett-tevlingar og resultat er tilgjengelege om ein festar Mario Kart-kanalen til Wii-menyen.