Marius Hægstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kristofer Marius Hægstad (15. juli 185021. november 1927) var ein språkmann. Han var professor i norsk språk, med vekt på landsmål. Hægstad var fødd i Ålesund, men voks opp i Davik og i Bergen.

I 1898 vart Hægstad formann for ei nemnd som skulle finna fram til ei offisiell rettskriving for landsmål (nynorsk). Fleirtalet i nemnda ville gjennomføra ei radikal nyskaping, men Hægstad gjekk inn for små endringer av Ivar Aasen si skriftnorm. Departementet delte Hægstad sitt syn, og Hægstad-normalen vart med dette den fyrste offisielle rettskrivinga for landsmål.

Hægstad sat òg i fleire periodar på Stortinget for Venstre. Han vart òg den fyrste leiaren for Noregs Mållag, frå 1906 til 1909.

Hægstad var far til målmannen og skulemannen Leiv Heggstad, og farfar til språkforskaren Kolbjørn Heggstad.

Hægstad døydde i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]