Maté
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maté er eit uttrekk av dei tørka blada frå planten yerba mate. Drikken inneheld stimulanten koffein. Drikken er vanleg i Sør-Amerika og delar av Midt-Austen. Han er rekna som nasjonaldrikk i Argentina, Paraguay og Uruguay, og er også utbreidd i delar av Brasil, Chile, austre Bolivia, Libanon, Syria og Tyrkia.
Maté, som også er kjend som chimarrão og cimarrón, blir tradisjonelt servert i ein uthola kalebas (eit slags graskar) og drukken gjennom eit sugerøyr av metall.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Mate (beverage)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2009.