Matakana Island
Matakana Island er ei øy som ligg vest i Bay of Plenty på Nordøya på New Zealand. Øya er lang og flat, 20 km lang, men knapt meir enn tre kilometer brei. Øya har vore busett kontinuerleg i fleire hundre år av ulike māori iwi (stammar) som for det meste har slektskap med Ngāi Te Rangi. Øya er delt i to delar, 20 km2 landbruks- og hagebruksland kring den indre hamna, der dei fleste innbyggjarane er busette, og ei skogkledd kyststripe som dekkjer 40 km2.
Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet 225, og øya er det tynnast busette området i den vestlege delen av Bay of Plenty. Der var ved teljinga berre 84 bustadar i bruk[1].
Øya gir ly til innløpet til hamna i Tauranga, og strekkjer seg frå Athenree til Mount Maunganui. Ho er for ein stor del dekka av furuskog.
Dei lange, kvite sandstrendene på øya er populære blant surfarar. Dei kjem hit enten ved å ta taxibåt frå Mount Maunganui, eller ved å padla til øya over munningen til Tauranga Harbour, dersom det er vêrtiløve til det.
Stillehavssida til Matakana er hekkeplass for ei stor mengde sjøfuglar, mellom dei den trua arten rustbuklo, (Charadrius obscurus).
I 2007 kartla og estimerte fiskeritilsynet (New Zealand Fisheries Management Research Database) at det var 325 piggrokker i estuarfarvatnet mellom Matakana Island og naboøya Rangiwaea Island.
Referansar [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Matakana Island» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2008.