Rustbuklo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rustbuklo

Status i verda: EN Sterkt truga

Rustbuklo på Waiheke Island, i november 2008Foto: Chris Gin
Rustbuklo på Waiheke Island, i november 2008
Foto: Chris Gin

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Slekt: Charadrius
Art: C. obscurus
Vitskapleg namn
Charadrius obscurus

Rustbuklo (Charadrius obscurus) er ein vadefugl som er endemisk til New Zealand og kan treffast fåtalig langs avgrensa delar av kysten på begge hovudøyane og på Stewart Island/Rakiura. Rustbuklo er ei relativt stor lo, ca. 25 centimeter med kroppssvekt på 160 gram, er dermed den største arten i den biologiske slekta Charadrius som òg femnar om den arktiske boltiten. Ho har relativt stort hovud, svart, kraftig nebb som er ein aning oppbøygd og litt korte, olivengrå bein.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfugl i hekkedrakt
Foto: Wikimedia-brukar Nz nature lover

Denne arten har fleire fjørdrakter, avhengig av sesong, underart, kjønn og alder. Generelt er underarten på Sørøya litt tyngre enn underarten på Nordøya. På Sørøya har rustbukloa òg kraftigare raudbrune farger i hekkedrakt. Hannar i hekkedrakt kan vere litt mørkare enn hofuglar.

Hekkedrakta har brun overside der fjørene er markerte med lysare, kvitaktige kantar. Undersida varierer frå bleik oransje med brungult til kraftig raudbrun. I vinterdrakta er oversida meir utprega bleik, gråbrun, men framleis med lysare fjørkantar. Undersida er kvit med eit utydleleg brystband i gråbrunt, ofte avgrensa til berre skuldrene. Juvenile fuglar har mindre iaugefallande fjørdrakt, med mørkebrune flekker på brystet og på kroppssidene.

Ein kan finne rustbukloa langs dei nordlege kystane av Nordøya, på Farewell Spit lengst nord på Sørøya, kystar av Southland og på Stewart Island/Rakiura. Habitata er estuar og elvemunningar. Det finst to hekkelokalitetar, over tregrensa på Stewart Island og på strender på nordlege Nordøya inkludert småøyar utanfor kysten. På Stewart Island gjer rustbukloer vertikale trekk ved at dei hekkar oppe på fjelltoppar og trekker ned til kysten, dels trekker dei òg nord til Farewell Spit og Southland etter hekking. Mange av dei som hekkar lengst nord er standfuglar, andre i nord trekker kort for å flokke seg ved estuar. Hekketida er frå august til februar.

I nord er reira enkle, grunne skraper i sand, i sør ligg reira over tregrensa, og er ei senking i særs låg vegetasjon eller steingrunn. I sør er reira fora med tørr vegetasjon. Kullet er vanlegvis på 3 egg. Klekkinga skjer etter ein månad og ungane kan flyge etter 6-7 veker. Dei er i det andre eller tredje leveåret når dei blir hekkefuglar, og det eldste kjente individet av rustbuklo blei over 31 år.

Dietten består av både marine og landbaserte virvellause dyr. Når dei beitar på sandstrender og mudderflater kan dei òg ta krabbar og småfisk. Fuglar som hekkar i høgtliggjande område på Stewart Island kan ete insekt, edderkoppar og makk.

Trugsmåla mot arten har vore innførte predatorar som villkattar på Stewart Island. På Nordøya inkluderer trugsmåla menneskeleg aktivitet. Stormar, høgt tidevatn og somme stader taremåse er trugsmål mot reir, egg og ungar. Arten har status som sterkt trua, og bestanden er estimert til ca. 2 000 individ (2008), og er trudd å vere aukande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rustbuklo