Meland kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meland kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1256
Fylke Hordaland
Adm.senter Frekhaug
Areal 91 km²
Folkemengd 7 347 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Nils Marton Aadland (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.meland.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1256.svg
Meland kommune på Commons

Meland er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Meland kommune er ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret Frekhaug ligg sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjer hovuddelen av kommunen. I tillegg kjem Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom Lindås kommune. Nord for Meland ligg óg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mot sør- vest er Askøy kommune. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune har namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det óg kyrkje (Meland kyrkje).

Kommune frå 1923[endre | endre wikiteksten]

Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor.

Aviser[endre | endre wikiteksten]

Avisene Strilen og Nordhordland har nyhende frå Meland. Regionavisa Bergens Tidende har og mykje om hendingar i Meland. Dessutan har Bergensavisen ei viss dekning frå kommunen

Kjende personar frå Meland[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]