Melodifestivalen 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Melodifestivalen 2016 var den 56. gongen Melodifestivalen vart arrangert. 27, opphavleg 28, bidrag deltok i fire semifinalar. To frå kvar semifinale gjekk direkte til finalen, medan to gjekk til andresjansen. Fire av bidraga i andresjansen gjekk vidare til finalen, der totalt tolv bidrag tevla om sigeren. Tevlinga vart leia av Gina Dirawi, saman med Petra Mede i den fyrste semifinalen, Henrik Schyffert i den tredje semifinalen, Sarah Dawn Finer i den fjerde semifinalen, Peter Jöback og Ola Salo i andresjansen og William Spetz i finalen.[1] Charlotte Perrelli skulle opphavleg leie den andre semifinalen, men på grunn av ein avtale med mobilselskapet Comviq var dette eit brot på reglane til Sveriges Television.[2][3]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste semifinalen fann stad 6. februar 2016 i Scandinavium i Göteborg. Programmet vart leia av Gina Dirawi og Petra Mede.

4. februar vart «Himmel för två», framført av Anna Book, diskvalifisert av di songen hadde delteke i O melodie pentru Europa 2014, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.[4] Book skal likevel framføre songen, men det vil ikkje vere høve til å røyste på bidraget.[5]

Dirawi og Mede opna programmet med å framføre «Hela Sveriges fest».[6] Saman med Lasse Kronér framførte dei òg «Allt är Eurovisions fel».[6] Tre av medlemmane frå den spanske jentegruppa som representerte Spania i Eurovision Song Contest 2006 i Athen i Hellas, Las Ketchup, framførte 2002-hiten deira, «The Ketchup Song».[6] I programmet vart det syna ein video av Jonas Gardell og hans schlagerskule.[7] Skodespelar Stina Ekblad las opp ein dramatisert utgåve av teksten til songen «Groupie», 2015-bidraget til Samir & Viktor.[8]

# Artist(ar) Song Språk Låtskrivar(ar) Røyster Plass Resultat
Runde 1 Runde 2 Totalt
1 Samir & Viktor «Bada nakna» Svensk Fredrik Kempe, David Kreuger, Anderz Wrethov 3 eller 4 Vidare til andresjansen
2 Pernilla Andersson «Mitt guld» Svensk Pernilla Andersson og Fredrik Rönnqvist Ute 6 Ute
3 Mimi Werner «Ain't No Good» Engelsk Mimi Werner, Göran Werner, Marcus Svedin og Jason Saenz 5 Ute
4 Albin & Mattias «Rik» Svensk Albin Johnsén og Mattias Andréasson 3 eller 4 Vidare til andresjansen
5 Anna Book «Himmel för två» Svensk Sven-Inge Sjöberg, Lennart Wastesson, Larry Forsberg og Camilla Läckberg Diskvalifisert
6 Robin Bengtsson «Constellation Prize» Engelsk Bobby Ljunggren, Henrik Wikström, Mark Hole, Martin Eriksson 1 eller 2 Vidare til finalen
7 Ice Wilder «Don't Worry» Engelsk Joy Deb, Linnéa Deb, Anton Hård af Segerstad og Ace Wilder 1 eller 2 Vidare til finalen

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Den andre semifinalen fann stad 13. februar 2016 i Malmö Arena i Malmö. Programmet vart leia av Gina Dirawi.

# Artist(ar) Song Språk Låtskrivar(ar) Røyster Plass Resultat
Runde 1 Runde 2 Totalt
1 David Lindgren «We Are Your Tomorrow» Engelsk Anderz Wrethov, Sharon Vaughn og Gustav Efraimsson
2 Victor och Natten «100%» Svensk Dag Lundberg, Melker og Jesper Lundh
3 Molly Pettersson Hammar «Hunger» Engelsk Joy Deb, Linnéa Deb, Lisa Desmond, Anton Hård af Segerstad og Molly Pettersson Hammar
4 ISA «I Will Wait» Engelsk Anton Hård af Segerstad, Joy Deb, Linnéa Deb og Nikki Flores
5 Krista Siegfrids «Faller» Svensk Krista Siegfrids, Gabriel Alares, Magnus Wallin og Gustaf Svenungsson
6 Patrik Isaksson, Tommy Nilsson & Uno Svenningsson «Håll mitt hjärta hårt» Svensk Patrik Isaksson, Tommy Nilsson og Uno Svenningsson
7 Wiktoria «Save Me» Engelsk Jens Siverstedt, Lauren Dyson og Jonas Wallin

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gina Dirawi leder Melodifestivalen 2016» (på svensk). Dagens Nyheter. 17. november 2015. Henta 5. februar 2016. 
  2. «SVT i krismöte om Charlotte Perrelli» (på svensk). Aftonbladet. 2. februar 2016. Henta 5. februar 2016. 
  3. «Så blir Charlotte Perrellis nya roll i Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 3. februar 2016. Henta 5. februar 2016. 
  4. «Anna Books bidrag ”Himmel för två” diskvalificeras från Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 4. februar 2016. Henta 5. februar 2016. 
  5. «Anna Book sjunger i första deltävlingen i Melodifestivalen 2016 i Göteborg» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 5. februar 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Minut för minut – så blir Melodifestivalen 2016 i Göteborg: Deltävling ett» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 12. februar 2016. 
  7. «Gardells schlagerskola gör comeback i Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 22. januar 2016. Henta 12. februar 2016. 
  8. «Sveriges skådespelarelit hyllar Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 5. februar 2016. Henta 12. februar 2016.