Malmö Arena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malmö Arena
Malmö Arena 2008.jpg
Offisielt namn Malmö Arena
Stad Malmö i Sverige
Adresse Arenagatan 15
215 32 Malmö
Eigar Parkfast Arena AB
Drift Parkfast Arena AB
Brukarar Malmö Redhawks
Kapasitet Idrett
13 000
Konsertar
15 000
Arkitekt MM Matsson Konsult AB, Pöyry Architects og Wingårdh arkitektkontor
Pris 750 millionar SEK
Historiske årstal
Påbegynt
10. januar 2007
Opna
6. november 2008
Stengt
Hendingar

Malmö Arena ein innandørs fleirbruksarena i Malmö i Sverige, og heimearena til ishockeylaget Malmö Redhawks.[1] I tillegg til å arrangere kampane til Malmö Redhawks, vert arenaen òg nytta til handball, innebandy, konsertar og andre hendingar. Han har òg arrangert innandørs friidrett. Arenaen er eigd av Parkfast og designa av Mats Matson frå MM Matsson Konsult, Hannu Helkiö frå Pöyry Architects og Gert Wingårdh frå Wingårdh arkitektkontor.[2] Namneretten til arenaen tilhøyrer Malmö kommun i ein tiårskontrakt skipa i 2007.[3]

Med ein kapasitet på 13 000 for idrettsarrangement og 15 000 for konsertar er Malmö Arena den nest største innandørsarenaen i Sverige, etter Globen i Stockholm.[2] Rekorden for størst publikum på ein konsert er 11 300, då Lady Gaga heldt konsert 19. november 2010.[4] På ein ishockeykamp er rekorden 13 247, då Malmö Redhawks spelte mot Leksands IF 12. november 2008.[5] Bygginga av arenaen starta 10. januar 2007, og han opna 6. november 2008. Arenaen kosta 750 millionar svenske kroner.[6] Han ligg om lag 80 meter frå Hyllie station, der det går jarnbane og buss til Malmö centralstation, København lufthamn, Kastrup og Københavns Hovedbanegård.[2]

Malmö Arena arrangerte Eurovision Song Contest 2013 14., 16. og 18. mai 2013.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arena» (på svensk). malmoredhawks.com. Malmö Redhawks. http://www.malmoredhawks.com/Arena/. Henta 19. oktober. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Fakta [Facts]» (på Swedish). malmoarena.com. Malmö Arena. http://www.malmoarena.com/malmoarena/fakta. Henta 11 July 2012. 
  3. «Namn på Malmö-arena värt 50 miljoner [Name for Malmö's new arena worth 50 million kronor]» (på Swedish). sverigesradio.se. Sveriges Radio. 16 August 2007. http://sverigesradio.se/sida/gruppsida.aspx?programid=2688&grupp=12254&artikel=1540087. Henta 12 July 2012. 
  4. «Rihanna slår publikrekord [Rihanna beats the attendance record]» (på Swedish). sydsvenskan.se. Sydsvenskan. 31 October 2011. http://www.sydsvenskan.se/kultur-och-nojen/rihanna-slar-publikrekord/. Henta 12 July 2012. 
  5. «Malmö satte fina rekord [Malmö sets a new nice record]» (på svensk). hockeyallsvenskan.se. HockeyAllsvenskan. http://www.hockeyallsvenskan.se/nyheter/2008/11/malmo-satte-fina-rekord. Henta 19. oktober 2012. 
  6. «Malmö arena blir 100 miljoner dyrare [Malmö arena will be 100 million kronor more expensive than anticipated]» (på Swedish). sydsvenskan.se. Sydsvenskan. 22 September 2007. http://www.sydsvenskan.se/sport/malmo-arena-blir-100-miljoner-dyrare/. Henta 11 July 2012. 
  7. «Eurovision Song Contest 2013 hålls i Malmö [Eurovision Song Contest 2013 to be hosted in Malmö]» (på svensk). svt.se. Sveriges Television. 8. juli 2012. http://www.svt.se/melodifestivalen/eurovision-song-contest-2013-halls-i-malmo. Henta 19. oktober 2012.