Menneskeanatomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Kroppen» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå kropp.
Anatomiske framstillingar av kroppen som viser ulike biologiske system.

Menneskeanatomi er eit grunnleggjande fagfelt innan medisin som tek for seg oppbygginga av menneskekroppen.

Struktur på anatomien[endre | endre wikiteksten]

Ein kan sjå på anatomien ved å ta ei regional tilnærming eller ei systemisk tilnærming.

  • Ved ei regional tilnærming blir kvar region av kroppen studert for seg, og alle delar av kvar region blir studert samstundes. Det vil seie at ved studiet av brystkassa så blir alle strukturar i ho studert. Dette inkluderer blodkar, nervar, bein, musklar og alle andre strukturar og organ som er i brystkassa. Etter å ha studert denne regionen så blir dei andre regionane (magen, bekkenet, overekstremitetane, underekstremitetane, ryggen, hovudet og halsen) studert på same viset.
  • Ved ei systemisk tilnærming blir kvart system i kroppen studert og følgt gjennom heile kroppen. Til dømes vil ein ved studiet av sirkulasjonssystemet kikke på hjartet i brystkassa og følgje blodkara ut i resten av kroppen. Det same kan ein gjera med nervesystemet, respirasjonssystemet, skjelettsystemet, meltingssystemet og lymfesystemet.

Medisinsk latin[endre | endre wikiteksten]

I Noreg nyttar ein oftast latinske namn på strukturar i kroppen, av og til fornorska latin, men stadig oftare norske namn. I engelske lærebøker og ved medisinstudiene i USA nyttar ein anglofiserte versjonar av dei latinske strukturnamna. Til dømes heiter det arteria coronaria dextra på latin, den høgre koronararterien på norsk-latin, den høgre kranspulsåra på norsk og the right coronary artery på engelsk.

Visualisering av strukturar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan visualisere dei indre strukturane i kroppen ved hjelp av ulike metodar.

Regional tilnærming[endre | endre wikiteksten]

Systemisk tilnærming[endre | endre wikiteksten]

Organ[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Menneskeanatomi
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.