Metropolitt Filip II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St. Filip

Den heilage Filip (11. februar 150712. desember 1569), fødd Fjodor Stepanovitsj Kolytsjov (russisk Фёдор Степaнович Колычёв) var metropolitt av Moskva og heile Russland under tsar Ivan den grusame. Han er rekna som martyr og helgen i Den austlege ortodokse kyrkja.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fjodor Stepanovitsj Kolytsjov var fødd inn i den adelege bojarfamilien Kolytsjevy. Han var det førstefødde barnet til bojaren og den gudfryktige kona hans Barbara. Frå tidleg ungdom var Fjodor svært glad i gudsinspirerte bøker; han var svært audmjuk og høgtidleg, og heldt avstand til spas og moro. På grunn av den høge familiestatusen sin vitja han ofte tsarslottet. Hans audmjuke og gudfryktige halding gjorde eit sterkt inntrykk på den jamnaldrande tsaren Ivan den grusame.

Som far sin byrja Filip militærtenesta si og hadde gode framtidsutsikter, men han hadde ikkje behov for verdslege gode. Ein søndag han var i kyrkja vart han imponert av orda til Frelsaren: «Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre.» (Matt. 6, 24). Då han høyrte desse orda, fekk han eit kall til eit munketilvære og i all løyndom, kledd i vanlege folkeklede drog han frå Moskva og til Solovetskaja kloster. Her arbeidde han tolmodig og hardt i ni år som novise. Han jobba som vanleg lekmann i kjøkenhagen, i smia eller i bakeriet. Til slutt vart han presbyter og igumen etter ønskje frå brorskapet sitt. Som munk tok han namnet Filip.

I denne posisjonen tok han ivrig hand om det materielle velværet i klosteret, men mest om det moralske velværet. Han grov kanalar mellom innsjøane, laga enger av myrlendte område, rydda vegar i område som tidlegare var uframkomelege, rydda gardar og oppretta sjukehus, oppførte to majestetiske katedralar – Uspenskij og Preobrasjenskij - og andre kyrkjer. I tillegg oppretta han fleire kloster og eremitasjar til dei som ønska ro, og stundom gjekk han sjølv til eitt av desse. Fram til revolusjonen vart dette kalla Filips eremitasje. St. Filip skreiv også nye reglar for fellesskapet. Desse la føringane for eit hardtarbeidande liv med forbod mot dovenskap.

Igumen Filip vart kalla til Moskva til ei geistleg rådsforsamling, og der på første møtet med tsaren fekk han vite at han skulle ta over setet som metropolitt. Gråtande tagg han tsaren: «Ikkje skil meg frå klostra mine; ikkje gje ein liten båt ei så stor last!». Ivan var ubønhøyrleg og retta seg til biskopar og bojarar for at dei skulle overtale Filip til å ta metropolitten sin stol. Filip godtok til slutt avgjersla, men bad om at området Opritsjnina skulle opphevast. Biskopane og bojarane overtalte Filip til å ikkje insistere for mykje på dette av respekt for tsaren sitt autokrati, og heller ta rolla som metropolitt med audmjukskap. Filip såg det som Guds vilje og overgav seg til tsaren sitt ønskje.

I den første perioden under Filip si leiing (1567-1568) minka terroren til Opritsjnina, men det varte ikkje lenge. Med eitt byrja plyndringa og drapa på nytt. Filip prøvde nokre gonger å bringe tsaren til fornuft, og då han såg at det virka, byrja han å handle opnare.

21. mars 1568, den tredje søndagen i fasta (krestopoklonnaja nedelja), før liturgien, stod metropolitten på ei høgd i midten av kyrkja. Plutseleg kom Ivan og mange opritsjnikarar inn i kyrkja. Alle var kledd i høge, svarte hattar (sjlyk) og svarte prestekjolar, med skinande knivar og dolkar under. Ivan kom til Filip frå sida og bukka tre gonger for å få velsigning. Metropolitten stod stille og stirra på ikonet av Frelsaren. Til slutt sa bojarane: «Heilage herre! Tsaren kallar på di velsigning». St. Filip snudde seg mot Ivan som om han ikkje kjende han igjen og sa: «I desse kleda kjenner eg ikkje den ortodokse tsaren, og heller ikkje i kongeriket sine forretningar. ... I denne tida då sola skin på himmelen er det uhøyrt at gode tsarar opphissar riket sitt... Tatarar og heidningar har lov og sanning, men vi har det ikkje. Vi, fyrste, ofrar utan blod, men bak altara vert det spilt uskuldig blod av kristne. Eg sørgjer ikkje over dei som spiller sitt uskuldige blod, for dei blir tatt imot som heilage martyrar, men eg sørgjer over ditt stakkars hovud... Gud skal ta tilbake alt frå hendene dine.» Ivan brann av sinne, kviskra truande og slo med septeret i podiet. Til slutt sa han: «Filip! Vågar du å motsetje deg mot vårt kongerike? Vi skal sjå kor mykje mot du har». – «Gode tsar», sa Filip, - «det er gale av deg å skremme meg. Eg er ein framand på jorda, som arbeider hardt for sanning, og ingen lidingar tvingar meg til ro». Svært opprørt gjekk tsaren ut av kyrkja, men skjulte sinnet sitt.

28. juli, på festdagen for Smolenskaja-ikonet av Jomfru Maria, som vert kalla Hodegetria, tenestegjorde Filip i Novodevitsjij kloster og utførte Krestnyj khod rundt klosteret. Der var òg tsaren med mange opritjnikarar rundt seg. I løpet av preika la Filip merke til ein opritsjnik i tatarlue, og peika på han til Ivan. Men mannen skunda seg å gøyme lua. Då klaga opritsjnikarane han for å med vilje tale usant om tsaren og audmjuke han føre folket. Ivan gav då ordre om å døme Filip. Baktalarane kom med falske skuldingar mot han, Filip fekk ingen sjanse til å forsvare seg, og han vart frådømd stillinga si.

8. juli, på festdagen for erkeengelen Mikael, tenestegjorde Filip for siste gong i Uspenskij-katedralen. Plutseleg opna dørene seg og bojaren Basmanov kom inn med mange opritsjnikarar. Han gav ordre om å lese opp eit papir, der det til folk si overrasking vart sagt at Filip sakna rolla som metropolitt. I neste augneblink reiv opritsjnikarane kleda av han og kledde han i ein istykkeriven munkekjole, førte han ut av kyrkja, sette han på ein slede og køyrde han til eit av klostra i Moskva. Det gjekk rykte om at tsaren ønskte å brenne Filip på bålet, men på oppfordring frå presteembetet gav tsaren han ein livstidsdom i staden. På denne tida hadde tsaren tatt livet av mange av Filip sine slektningar. Ivan kappa hovudet av ein som Filip elska høgt og sende det til Filip. Filip tok imot hovudet med ærefrykt, bøygde seg ned, kyssa det og sa: «Lukksaleg vart han utvald og tatt imot av Gud», og sendte hovudet tilbake. Folket samla seg rundt klosteret frå morgon til kveld i håp om å i det minste få sjå ein skugge av den ærefulle helgenen og det vart fortalt mirakelhistorier om han. Då gav Ivan ordre om å bortvise han til Tverskoj Otrotsj kloster.

Året etter drog tsaren med følgje mot Novgorod og Pskov og sende opritsjniken Maluta Skuratov føre seg til Otrotsj kloster. St. Filip føresåg sin eigen død tre dagar før og gjorde seg klar for det ved å feira nattverd. Maluta kom med falsk audmjukskap til St. Filip og bad om velsigning for tsaren. «Ikkje ver blasfemisk», sa helgenen, - «men gjer det du har kome for å gjere». Maluta greip tak om halsen på Filip og kvelte han. Straks vart det grave ei grav som helgenmartyren vart lagt i føre Maluta (23. desember 1569). Leivningane etter St. Filip ligg i Uspenskijkatedralen i Moskva som minne om livsgjerningane hans.

Minnefestdagar for heilage Filip[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Metropolitt Filip II

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.